Ventar debatt om arealkonflikt
SKAL MØTE FISKEBÅTREIARANE: Olje- og energiminister Tina Bru (i forgrunnen, mot kamera) skal møte fiskebåtreiarane for første gang på årsmøtet til Fiskebåt i februar. Ho må rekna med spørsmål om plassering av vindkraftanlegg til havs.
Nytt

Ventar debatt om arealkonflikt

Dei ferske ministrane Tina Bru og Geir Inge Sivertsen må bu seg på debatt og spørsmål om konflikten melllom interessene til havs når dei møter fiskebåtreiarane i neste månad.

29.01.2020
Olje- og energiminister Tina Bru og fiskeriminister Geir Inge Sivertsen skal etter planen begge vere innleiarar på årsmøtet til Fiskebåt i midten av februar.
Fiskebåt er bransje- og arbeidsgivarorganisasjonen til eigarane av den havgåande fiskeflåten, og på årets årsmøte kjem truleg tre tema til å vere sentrale:
Det første er framlegget til nye reglar for korleis fiskekvotane skal fordelast. Framlegget er til behandling i Stortinget. Regjeringa har hausta mykje kritikk frå fiskerihald for framlegget om at staten skal bli eigar av fiskekvotar og leige dei ut igjen til fiskarane.
Kva som blir att av framlegget etter at Stortinget har sagt sitt får Fiskebåt-medlemane neppe svar på under årsmøtet, men Sivertsen blir truleg møtt med forventningar om å gi eit signal om korleis han ser på framlegget i tillegg til at årsmøtet er spent på kva mål og visjonar han har for fiskeripoltikken framover.

Det andre temaet er det både olje- og energiminister Tina Bru og Sivertsen som kan vente seg spørsmål om, korleis handtere interessekonflikten mellom dei som brukar havet. Nett no er det spesielt plassering av vindkraftanlegg til havs som er omstridd, sjølv om Fiskebåt og ventar at ministrane også får spørsmål om vern av gytefelt og oppvekstområde for fiske.

Tema nummer tre er utviklinga i bruken av miljøsertifisering. Det er ein aukande trend av forbrukarar og butikk-kjeder krev dokumentasjon og godkjenning av at fisket foregår på ein berekraftig måte, seier informasjonsleiar Odd Kristian Dahle i Fiskebåt.

Publisert: 29.01.2020 15:01

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:51