(NETT.NO-NPK) Næringsminister Iselin Nybø møtte måndag Hurtigruten og sjømannsorganisasjonane om bråket rundt skipet som blir brukt under «Mission Impossible»-innspelinga. Her ga ho klar beskjed til Hurtigruten om å endre det ho beskriv som ein lovstridig praksis.
– Vi har sagt til Hurtigruten at vår forståing av lova er at dette kan dei ikkje gjere i dag. Men vi har òg gitt klar beskjed om at vi gjer ei forskriftsendring for å presisere det i lova framover, seier statsråden til NTB etter møtet.
– Ho konkluderte heilt tydeleg at det Hurtigruten gjer på Hellesylt, er i strid med NIS-lova. Ho oppfordra Hurtigruten til å finne ei løysing på dette lovbrotet, seier han til NETT NO.
Næringsministeren varsla sitt syn før helga, og sa samtidig at ho ville jobbe for ei endring i forskriftene.
– Det kan vere fint med ei slik endring, men vi ventar no at denne aktiviteten stoppar og at denne saka blir følgt opp av dei som har ansvaret for å handheve lova, legg han til.
Ifølgje Pettersen kom det ingen signal i den retninga på møtet.
– Oppmodinga mi til Hurtigruten er at dei innrettar seg etter det Næringsdepartementet meiner er forståinga av lova, nemleg at dei ikkje kan drive slik som i dag, seier statsråden måndag.
– Departementet har heilt sidan 2018 meint at dette er ein type verksemd ein ikkje kan drive når ein har eit NIS-registrert skip.
NIS er ei forkorting for Norsk internasjonalt skipsregister. Formålet med den såkalla NIS-lova er å gi betre konkurransevilkår for norske skip i utanriksfart.
– Vi gjorde greie for vårt syn og var tydelege på at Sjøfartsdirektoratet har slått fast at vi opererer innanfor lova. Det var eit godt møte der vi informerte om kvar vi stod, seier Hurtigrutens kommunikasjonsdirektør Anne Marit Bjørnflaten til VG etter møtet.
– Vi meiner vi opererer innanfor norsk lov, seier ho.
Det var Fellesforbundet og Sjømannsforbundet som melde Hurtigruten til politiet for brot på utlendingslova.
– Per no er politiet si oppfatning at mannskapet må ha løyve for å jobbe i denne aktiviteten. Politiet har ikkje funne noko unntak frå hovudregelen om at dei må ha løyve for å jobbe, sa seksjonsleiar Svein Rike for Utlendings- og grensekontroll i Møre og Romsdal politidistrik til VG.
Han opplyste til NETT NO at dei ikkje hadde konkludert med korleis dei skulle gå vidare med saka.
Sjølv meiner Hurtigruten at dei ikkje bryt lova og dei har fått godkjent utleiga av skipet av Sjøfartsdirektoratet.
– Vi har sagt til Hurtigruten at vår forståing av lova er at dette kan dei ikkje gjere i dag. Men vi har òg gitt klar beskjed om at vi gjer ei forskriftsendring for å presisere det i lova framover, seier statsråden til NTB etter møtet.
Ventar at det får konsekvensar
Etter møte fortel advokat Terje Hernes Pettersen, som representerer Fellesforbundet og Sjømannsforbundet, at beskjeden frå statsråden var krystallklar.– Ho konkluderte heilt tydeleg at det Hurtigruten gjer på Hellesylt, er i strid med NIS-lova. Ho oppfordra Hurtigruten til å finne ei løysing på dette lovbrotet, seier han til NETT NO.
Næringsministeren varsla sitt syn før helga, og sa samtidig at ho ville jobbe for ei endring i forskriftene.
– Det kan vere fint med ei slik endring, men vi ventar no at denne aktiviteten stoppar og at denne saka blir følgt opp av dei som har ansvaret for å handheve lova, legg han til.
Ifølgje Pettersen kom det ingen signal i den retninga på møtet.
Er i praksis eit hotel, meiner Nybø
Nybø viser til at Hurtigruten i si forståing av regelverket i praksis har gjort båten til eit hotell, der folk søv, et og bur.– Oppmodinga mi til Hurtigruten er at dei innrettar seg etter det Næringsdepartementet meiner er forståinga av lova, nemleg at dei ikkje kan drive slik som i dag, seier statsråden måndag.
– Departementet har heilt sidan 2018 meint at dette er ein type verksemd ein ikkje kan drive når ein har eit NIS-registrert skip.
NIS er ei forkorting for Norsk internasjonalt skipsregister. Formålet med den såkalla NIS-lova er å gi betre konkurransevilkår for norske skip i utanriksfart.
Hurtigruten: – Innanfor lova
Sjølv meiner Hurtigruten at selskapet ikkje bryt lova, og at Sjøfartsdirektoratet har godkjent utleiga av skipet.– Vi gjorde greie for vårt syn og var tydelege på at Sjøfartsdirektoratet har slått fast at vi opererer innanfor lova. Det var eit godt møte der vi informerte om kvar vi stod, seier Hurtigrutens kommunikasjonsdirektør Anne Marit Bjørnflaten til VG etter møtet.
– Vi meiner vi opererer innanfor norsk lov, seier ho.
Politiet meiner Hurtigruten bryt lova
Hør helga gjekk politiet i Møre og Romsdal ut og sa at dei meiner reiarlaget bryt lova slik dei no opererer med filippinske arbeidarar på MS Fritjof Nansen.Det var Fellesforbundet og Sjømannsforbundet som melde Hurtigruten til politiet for brot på utlendingslova.
– Per no er politiet si oppfatning at mannskapet må ha løyve for å jobbe i denne aktiviteten. Politiet har ikkje funne noko unntak frå hovudregelen om at dei må ha løyve for å jobbe, sa seksjonsleiar Svein Rike for Utlendings- og grensekontroll i Møre og Romsdal politidistrik til VG.
Han opplyste til NETT NO at dei ikkje hadde konkludert med korleis dei skulle gå vidare med saka.
Sjølv meiner Hurtigruten at dei ikkje bryt lova og dei har fått godkjent utleiga av skipet av Sjøfartsdirektoratet.
Les også:
Publisert: 07.09.2020 19:16
Sist oppdatert: 07.04.2021 15:55