Ventar med aa ta avgjersle om nedlegging
MAKRELL I TOMAT: Produksjonssjef Vegard Kalland og adm. dir Jan Brevik i Maritime Food. I Gjerdsvika vert den einaste norskproduserte makrellen i tomat laga.
Nytt

Ventar med å ta avgjersle om nedlegging

Frå 40 til 10 tilsette ved Maritim Food i Gjerdsvika. Håper at einaste norskproduserte makrell i tomat kan redde bedrifta.

07.05.2019
- Vi ser på all mulege løysingar for dei produkta som er att ved bedrifta.
- Det er her den einaste norskproduserte makrellen i tomat vert laga, og det er ille om den delen også vert lagt ned.
Det seier adm. dir. Jan Brevik i Maritim Food, som igjen er eigd av fiskematgiganten Insula.

For dominerande

Maritim Food har mist leveransane av fiskemat som Gjerdsvik-bedrifta hadde med Norgesgruppen.
Bakgrunnen var at Norgesgruppen, med daglegvarekjedene Meny, Spar, Kiwi og Joker, ville ha konkurranse blant leverandørane. Dei vel heller å kjøpe fiskemat frå Lerøy Seafood Group sitt anlegg i Stamsund i Lofoten framfor å få den levert frå Gjerdsvika.
Brevik seier at det for Gjerdsvik-bedrifta ikkje har vore heldig å verte ein del av Insula.
- Nei, ikkje slik dette vart.

Makrell i tomat og bacalao

Han har likevel ikkje gitt opp håpet om at ein skal kunne halde fram produksjonen i mindre målestokk.
- I september vil all produksjon til Norgesgruppen vere vekke frå Gjerdsvika. Dette utgjorde rundt 65 prosent av produksjonen.
- Det som står att er restproduksjonen av makrell i tomat, bacalao og fiskebollar i hermetikk.

32 millionar i restproduksjon

Brevik opplyser at Gjerdsvik-bedrifta omsette for rundt 90 millionar kroner i fjor.
Restproduksjonen dreier seg om rundt 32 millionar kroner.
- Vi ser no på om vi kan drive lønsamt med berre denne restproduksjonen. For å få det til, må dei faste kostnadene ned, seier han.

Avgjersle 15. mai

Insula skulle eigentleg ta stilling til endeleg nedlegging i Gjerdsvika til påske.
No er avgjersla utsett til eit styremøte i Maritim Food 15. mai.
- Alt håp er ikkje ute, men det er klart at det brenn eit blått lys for bedrifta, seier Brevik.

Godt fjorår

På den positive sida kjem at selskapet i fjor og hittil i år har auke i salet av hermetikkprodukt.
- I tillegg var fjoråret eit godt år resultatmessig for Maritim Food.
Brevik var i Gjerdsvika torsdag for å orientere dei tilsette om situasjonen.

Frå 40 til ti tilsette

Der fekk dei tlsette om at talet på tilsette vil vere rundt ti frå 1. september, mot rundt 40 no.
- Av dei 40, er åtte-ni tilkallingsvikariar. Dei har alt no fått beskjed om at det ikkje vert meir arbeid for dei, seier Brevik.
Bedrifta er ein svært viktig arbeidsplass i Gjerdsvika og Sande kommune. Fleirtalet av dei tilsette er kvinner.
6. mai skal kommuneleiinga ha møte med leiiina i Insula. Dette møtet vert på Gardermoen.
Alt håp er ikkje ute, men det er klart at det brenn eit blått lys for bedrifta

Publisert: 07.05.2019 07:32

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:34