Ventar ny rekord i aar
UTVIDING: PÅ tampen av 2016 blei Berge & Co ny eigar av Sandven & Co i Ørsta. Det var ei geografisk utviding for selskapet, som er største bilforhandlar i Sogn og Fjordane. Kjøpet gjord at Kjell Snipsøyr (til venstre) på ny kunne selje nye Volkswagen-bilar. Dagleg leiar Øyvind Berge i Berge & Co til høgre.
Nytt

Ventar ny rekord i år

I fjor fall bilsalet for Berge & Co. I år ventar Øyvind Berge ny rekord.

26.03.2019
Berge & Co er største bilforhandlaren i Sogn og Fjordane, og med avdelingar i Stryn, Måløy og Ørsta er Volkswagen, Audi og Skoda-forhandlarene og ein stor aktør i blant bilforhandlarane på Nordvestlandet.
I 2018 greidde ikkje Volkswagen og Audi å levere bilane marknaden ville ha, og det slo ut ein nedgang i salet på rundt 50 millionar kroner i 2018 (sjå tabell).
Men i år kan kjem begge merka med nye modellar. Spesielt Audi sin nye elbil, Audi e-tron, medverkar til at aksjonær og dagleg leiar Øyvind Berge seier han ventar ein auke i driftsinntektene på 150 millionar kroner i år.
Også Berge & Co sitt tredje merke, Skoda, kjem med el- bil og hydbridmodell i år.

Utvida til Sunnmøre

På tampen av 2016 tok Berge & Co over Sandven & Co i Ørsta og reetablerte forretninga som nybilforhandlar.

Det var første etableringa utanfor Sogn og Fjordane for det over 60 år gamle selskapet. Ytterlegare geografisk ekspansjon er ikkje planlagt. Grunnen er at andre forhandlarar for Berge & Co sine merke er etablert både i Ålesundområdet og i sør, i følgje Berge.

Betre enn frykta

Berge seier bruktbilsalet har utvikla seg betre enn frykta. Slik han vurderer det har brukbilprisane halde seg oppe, også for dieselbilar, og han ventar ikkje prisfall. Det som eventuelt kan utløyse eit prisfall er politiske vedtak som endrar vilkåra for bruken av ulike biltypar.
I 2013 haddde Berge & Co driftsinntekter på 348 millionar kroner og driftsinntektene vaks kvart år til 2018. I år er det ny vekst. Går det som Øyvind Berge ventar doblar bilforhandlar- og -verkstadkonsernet driftsinntektene i år, samanlikna med for seks år sidan.

Publisert: 26.03.2019 05:57

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:32