NTB y L2 GIKU Cv04 1
Eit nytt system skal auke kapasiteten i det nordiske kraftnettet. Det er venta å påverke straumprisane rundt om i landet denne veka. Foto: Annika Byrde / NTB / NPK
Nytt

Ventar prishopp på straum i morgon

Statnett-omlegging skal jamne ut kraftprisane mellom landsdelane.

28.10.2024

NPK-NTB/NETT NO: Mellom andre kundar på Nordvestlandet kan få dyrare straum frå og med i morgon.

Då tek Statnett i bruk ein ny metode for å fastsetje kapasiteten i kraftnettet. Den vil gjere då råd å overføre meir straum mellom ulike landsdelar og dermed redusere priskilnadane landsdelane i mellom.

– Grovt sett viser uttestinga av den nye metoden at vi vil få litt lågare prisar sør i Noreg i snitt, medan vi vil få noko høgare prisar i Midt- og Nord-Noreg, seier konserndirektør Peer Olav Østli for systemdrift i Statnett til E24.

"Ikkje utbetydeleg effekt"
Konsernsjef Erik Espeset i Tafjord seier konsernet sine berekningar har vist at omlegginga vil gi ein "ikkje utbetydeleg effekt" på kva Tafjord får betalt for straumen selskapet produserer.

Det betyr auka overskot.

Men Espeset understerkar at det førebels er berekningar og reknar med at det tek eit par månadar får ein kan klonjkluder med korleis omlegginga vil slå ut.

Dei første signala kjem når det nye systemet blir tatt i brik i morgon.

-I morgon skal vi sitje og følgje godt med, seier Espeset.

Opp på Nordvestlandet
Nordvestlandet er ein del av Midt-Noreg, og kraftprodusentene Tafjord, Tussa og storparten av Sogn og Fjordane Energi har sin kraftproduksjon i området der kraftprisen har vore lågare enn lengre sør dei siste åra.

Systemet blir teke i bruk tysdag, og det er venta å gi effekt på straumprisane frå onsdag.

Straumprisane kan auke med rundt 9 øre per kilowattime i Midt-Noreg og 6 øre per kilowattime i Nord-Noreg. I dei sørlege områda kan prisen falle med rundt 2–5 øre per kilowattime.

 

Publisert: 28.10.2024 13:00

Sist oppdatert: 28.10.2024 12:36

Mer om