Dagfinn Neteland montasje foto Marius Ogne
KOSTAR: Forseinka utbygging av elforsyning og ladeanlegg gjer at Fjord1-sjef Dagfinn Netland har måtte vente på full elektrifiseringsgevinst. Foto: Ogne Øyehaug
Nytt

Ventar på full el-utbygging

Fjord1 ventar framleis på at alle kablar og ladeanlegg på land skal bli ferdig.

27.08.2021

Drivstoffutgiftene på elferjene er lågare enn på dieselferjene, men manglande utbygging av kablar og ladeandlegg forseinkar når alle elferjene kan gå på batteri.

Så lenge infrastruktruen ikkje er på plass må ferjen bruke dieselmotorane for å lade batteria ombord, og det gjer at kostnadane blir høgare enn om ferjen kunne lade.

Les børsmelding her

Ved utgangen av første halvår hadde selskapet totalt 34 hybridelektriske fartøy, og av desse er 25 fartøy drifta på elektrisitet.

Fjord 1 hadde drivstoffkostnader i andre kvartal i år på same nivå som i 2.kvartal i fjor.

Drivstoffkostnadane for elferjene trekkjer ned, men høgare drivstoffkostnadar for dei andre skipa og høgare vedlikehaldskostnader for ferjene enn i fjor trekkjer opp.

El-givinst i vente
Når alle ferjene som skal gå på elektrisitet faktiske har byrja å gå på elektrisitet forventar selskapet at kostnadene stabiliserer seg på eit lågare nivå, skriv Fjord1 i kvartalsrapporten for 2. kvartal.

Fjord1 var eit børsnotert selskap, men tidlegare i sommar fekk Havila Holding hand om alle aksjane og selskapet vart tatt av børs. Havila Holding og den amerikanske partnaren Vision Ridge Partners skal eige Fjord1 50/50.

Fjord1 har eit obligasjonslån der eitt av lånevilkåra er at lånet skal vere børsnotert. Fjord1 arbeider for å få oppheve det vilkåret.

Fjord 1 ASA

2. kvartal. Tal i mill. kroner

20212020
Driftsinntekt708,6751,2
Driftsresultat43,2114,0
Resultat før skatt22,345,2
Fjord 1 ASA
1. halvår. I mill. kroner20212022
Driftsinntekt1399,31502,7
Driftsresultat97,9185,0
Resultat før skatt32,210,5

Publisert: 27.08.2021 10:50

Sist oppdatert: 27.08.2021 10:51

Mer om