Ventar paa kjoepar til 10 million leilegheit
LEDIG PÅ TOPPEN: Nesten 200 kvadratmeter i toppleileigheita til venstre er enno ikkje seld. Prislappen er 10 millionar kroner og aksjonærane i Ulstein Utvikling bur seg på å vere tolmodige i jakta på ein kjøpar.
Nytt

Ventar på kjøpar til 10-million-leilegheit

Investorane i bustad- og forretningsbygget Sjøsida i Ulsteinvik bur seg på at det kan ta tid å få seld topp-leilegheit til 10 millionar kroner.

20.10.2016
Gjennom selskapet Ulstein Utvikling har ei rekkje næringslivsaktørar i Ulstein investert i kombinerte bustad og forretningsbygg mot sjøen i Ulsteinvik sentrum.
Bygga - med i alt 42 husvere - sto klare då Ulstein opna den nye Sjøgata i sentrum i fjor sommar, og i toppleilegheitene i femte etasje er det 360 graders utsikt.
Blant investorane er mellom andre Morten og Håvard Ulstein, Einar Martin Kristensen, Kjersti Kleven, Jogeir Romestrand og Gunvor og Tore Ulstein.

10 millionar på toppen

Storparten av bustadane er selde, men tre av fire toppleilegheiter står att - den største på nesten 200 kvadratmeter og ein prislapp på 10 millionar kroner. Heller ikkje alle næringslokale er selde eller utleigde.
Ulstein Utvikling-aksjonærane bur seg på at det kan ta tid.
"På grunn av den generelle økonomiske situasjonen i vår region er det selskapet sin vurdering at utleie av næringsarealer og salg av resterende leiligheter vil kunne trekke ut i tid. Dette kan medføre behov for å tilføre selskapet kapital fra eierne for å dekke rente og driftskostnader en periode."

Kutta gjeld

2015 enda med eit underskot før skatt på 5,7 millionar kroner (sjå tabell), men sala som vart gjort i fjor har redusert gjelda frå 212 til 85 millioner kroner.
Planen er å utvide Sjøsida med fleire bygg, i to nye byggetrinn, men selskapet skal først ha fyllt opp forretningslokala i første byggetrinn før det er aktuelt å gå vidare,

Publisert: 20.10.2016 06:00

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:02