Ventar toeft seismikkaar
STILLE: Sanco-skip i opplag ved Bryggja i Nordfjord. Både Sanco Shipping i Gjerdsvika og Maritime Management i Gjerdsvika har halve flåten i opplag. 
Nytt

Ventar tøft seismikkår

Seismikk-selskapet Polarcus har kasta korta. Sanco-sjef Ivar Slettevoll ventar eit tøft år i seismikkmarknaden.

02.02.2021
Polarcus har sendt alle sine seks seismikk-skip til kai for å selje dei, etter at långivararne ikkje lenger vil finansiere drifta i selskapet. Eitt sjuande skip, som Polarcus driv for andre, prøver selskapet å drive vidare.

- På kort sikt er det ikkje noko ulempe for marknaden, seier Ivar Slettervoll, medeigar og leiar for seismikkselskapet Sanco Shipping i Gjerdsvika i Sande kommune, om at Polarcus gir opp.
Men det er ikkje sikkert at fordelen for konkurrentane varer så lenge.
- Kva med litt fram i tid, viss desse båtane kjem på nye hender med betydeleg lavare gjeldsgrad, spør Slettevoll.

Halve flåten i opplag

2020 blei eit svært godt år for Sanco Shipping seier Slettevoll.
I år blir det tøffare.
Fire av reiarlaget sine åtte seismikkskip ligg i opplag.
- Eg trur at 2021 blir eit svært vanskeleg år. Det er lite aktivitet foreløpig, seier Slettevoll.

Selde skip

Sigurd Rekkedal driv managementselskapet Maritim Management i Ålesund, som har fire seismikkselskap. To av dei ligg i opplag og Rekkedal si vurdering er at dei blir liggande i opplag i heile 2021.
Med eldre og nedbetalte skip reknar han likevel med plussresultat i år.
Maritim Management og skipa i flåten er eigd av Westcon Geo, eit dotterselskap av Westcon Group i Ølen i Rogaland. Eitt femte seismikkskip er seld ut av Maritime Management-systemet. Det ligg i opplag og skal ikkje attende i seismikkmarknaden, ifølgje Rekkedal.
Han trur ikkje ein eventuell retur i seismikkmarknaden for Polarcus-fartøya vil ha betydning for Martime Management, fordi Maritime Mangagement har mindre skip som ikkje konkurrerer om same oppdrag.

Axxis-konflikt

I børsnoterte Axxis Geo Solution, med Havila Holding som største aksjonær, er det strid mellom ein långivar, selskapet og ei gruppe konkurrerande investorar og korleis selskapet skal haldast i live.
Styret i selskapet har sagt at selskapet kjem til å søkje om offentlege gjeldsforhandlingar dersom det ikkje lukkast å kome til semje mellom partane.

Publisert: 02.02.2021 16:01

Sist oppdatert: 10.02.2021 15:14