Nortel oslo børs merkur 111
FRIARAR: Børsnoteret Nortel, med grunnleggar og dagleg leiar Christian Pritchard i spissen, har hatt fleire friarar på døra.
Nytt

Ventar vidare vekst

Har dobla inntektene og utvida låneramma for å finansiere vekst.

25.04.2023

Mobiltelefoniselskapet Nortel i Ålesund har sikra seg ein ekstra kassakreditt på 30 millionar kroner. Den kjem i tillegg til kassakredittramma på 20 millionar kroner som selskapet hadde frå før. Ved utgangen av 1. kvartal i år var det trekt 4,3 millionar kroner på kassakreditten, og med den ekstra finansieringa meiner selskapet det er godt finansiert.

"totalt tilgjengelig likviditet ved utgangen av kvartalet var MNOK 46. Med dette anser vi selskapet som godt finansiert i henhold til våre vekstplaner.", skriv selskapet i kvartalsrapporten for 1. kvartal.

Les børsmelding her

Over dobling
Driftsinntektene til Nortel er meir enn dobla samanlikna med 1. kvartal 2022. (Sjå tabell).

Talet på registrere Sim-kort i kundane er opp 131 prosent, til 73.900, i same periode.

Samanlikna med 4., kvartal er veksttakta lågare, opp frå 69,5 millionar kroner i driftsinntekter i 4. kvartal 2022 til 72,6 millionar kroner i 1. kvartal 2023. Talet på Sim-kort auka med 2900.

Nortel varsla tidlegare i år at selskapet har fleire potensielle friarar og at selskapet difor i løpet av 2. kvartal i år vil avgjere kva som blir vegen vidare for Nortel.

Nortel as

1. kvartal. I mill. kroner

20232022
Driftsinntekt72,634,7
Driftsresultat-26,0-12,7
Resultat før skatt-27,5-13,0

Publisert: 25.04.2023 08:06

Sist oppdatert: 25.04.2023 09:50

Mer om