World Wide Supply fekk i tredje kvartal driftsinntekter på 34 millionar kroner og eit underskot før skatt på 12 millionar kroner. Så langt i år har inntektene vore på 105 millionar kroner og underskotet er på 44 millionar kroner (sjå tabell).
Reiarlaget har seks plattform-forsyningsskip, og der fem av skipa var i opplag ved utgangen av tredje kvartal.
To skip som var på fireårs-kontrakt med Petrobras i Brasil inntil juni 2018, vart i sommar blokkerte av brasilianske selskap. Det eine skipet vart levert tilbake 30. august, det andre 10. oktober. Dei blir lagt i opplag i Cadiz.
Les børsmelding
Les også:
Eigenkapitalen er pr. tredje kvartal negativ med 830 millionar kroner.
Selskapet er i brot med låneklausulane og betaler heller ikkje renter. Obligasjonseigarane har imidlertid akseptert vidare drift framfor konkurs. Obligasjonslånet har forfall i mai 2017.
Styret skriv i kvartalsrapporten at rundt 500 skip ligg i opplag på verdensbasis og der ca. 100 ligg i opplag i Nordsjøen. Styret skriv at dei ikkje ventar noko særleg bedring i marknaden på mange år.
Selskapet hadde ved utgongen av tredje kvartal 37 ansatte, inkludert innleigde.
Total verdi på Petrobras-kontrakten var i utgangspunktet på 975 millionar kroner. I tillegg måtte to andre skip som opererte i spotmarknaden i Nordsjøen leggjast i opplag. Dermed fekk selskapet problem med å handtere gjeld og kom i brot med lånevilkåra i obligasjonslånet.
I desember i fjor vart Aage Figenschou, som har lang erfaring med restrukturering, sett inn som eineleiar for WWS etter at obligasjonseigarane overtok kontrollen av det Ulsteinvik-baserte offshoreselskapet.
WWS Recovery eig samtlege aksjar i tidlegare World Wide Supply. Dei største obligasjonseigarane kjøpte i fjor ut dei opphavlege investorane for 15 millionar kroner.
Reiarlaget har seks plattform-forsyningsskip, og der fem av skipa var i opplag ved utgangen av tredje kvartal.
To skip som var på fireårs-kontrakt med Petrobras i Brasil inntil juni 2018, vart i sommar blokkerte av brasilianske selskap. Det eine skipet vart levert tilbake 30. august, det andre 10. oktober. Dei blir lagt i opplag i Cadiz.
Les børsmelding
Les også:
Negativ eigenkapital og stor gjeld
Gjelda, eit obligasjonslån, er pr. utgangen av tredje kvartal på 1,25 milliarder kroner. Bokført verdi av skipa er 450 millionar kroner, tilsvarande 10 millionar USD per skip. Det var i fjerde kvartal i fjor at skipsverdiane blei nedskrivne med 735 millionar kroner. Alle skipa blei levert frå eit nederlandsk verft til World Wide Supply i andre halvår i 2013.Eigenkapitalen er pr. tredje kvartal negativ med 830 millionar kroner.
Selskapet er i brot med låneklausulane og betaler heller ikkje renter. Obligasjonseigarane har imidlertid akseptert vidare drift framfor konkurs. Obligasjonslånet har forfall i mai 2017.
Styret skriv i kvartalsrapporten at rundt 500 skip ligg i opplag på verdensbasis og der ca. 100 ligg i opplag i Nordsjøen. Styret skriv at dei ikkje ventar noko særleg bedring i marknaden på mange år.
Selskapet hadde ved utgongen av tredje kvartal 37 ansatte, inkludert innleigde.
Brasil-historikk og bakgrunn
Dei store problema for World Wide Supply starta etter at to av selskapet sine fire skip vart blokkerte i Brasil av brasiliansk flagga skip. Dette førde til at ein langtidskontrakt med Petrobras vart terminert.Total verdi på Petrobras-kontrakten var i utgangspunktet på 975 millionar kroner. I tillegg måtte to andre skip som opererte i spotmarknaden i Nordsjøen leggjast i opplag. Dermed fekk selskapet problem med å handtere gjeld og kom i brot med lånevilkåra i obligasjonslånet.
I desember i fjor vart Aage Figenschou, som har lang erfaring med restrukturering, sett inn som eineleiar for WWS etter at obligasjonseigarane overtok kontrollen av det Ulsteinvik-baserte offshoreselskapet.
WWS Recovery eig samtlege aksjar i tidlegare World Wide Supply. Dei største obligasjonseigarane kjøpte i fjor ut dei opphavlege investorane for 15 millionar kroner.
Publisert: 07.11.2016 13:07
Sist oppdatert: 10.02.2021 14:03






