Ventetid paa Floe Feriesenter
VENTAR PÅ AVKLARING: Dagleg leiar Eldar Stein Flø (t.v) og styreleiar Atle Birger Flø i Flø Feriesenter vil vurdere å kjøpe hamna på Flø - men vil ikkje gjere ei slik investering åleine.
Nytt

Ventetid på Flø Feriesenter

Salet av hamna på Flø i Ulstein har sett utviklinga av Flø Feriesenter på vent.

23.07.2019
I vinter skreiv NETT NO om at Flø Feriesenter kunne få inn ein ny og lokal investor inn på eigarsida, og at det var planer om å bygge fleire hytter.
Det alternativet ligg framleis på bordet, men førebels er planane ikkje sett ut i livet, i følgje dagleg leiar Eldar Stein Flø i Flø feriesenter.

Mellom anna er det ikkje avklara ein ny bygslingsavtale for grunnen, men først og fremst manglar det ei avklaring om hamna på Flø - som mellom andre blir brukt av gjestane på Flø Feriesenter.
Hamna er ei av dei som Kystverket skal selje. Prisen er rundt 900.000 kroner, i følgje Flø.
Flø seier feriesenteret vurdere å kjøpe hamna, men ikkje åleine. Ved eit eventuelt kjøp ønskjer selskapet at det skjer saman med mellom andre grendelaget og kommunen.
Etter Flø si vurdering kan eit kjøp medføre eit investeringsbehov, for å gjere hamna brukande til heilårsbruk.

Publisert: 23.07.2019 08:58

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:37