Verdas foerste hybride broennbaat
HYBRID: Ro Vision vart overlevert frå Larsnes Mek. Verksted onsdag, og henta torsdag første lasten ved Salmar på Frøya.
Nytt

Verdas første hybride brønnbåt

Torsdag henta Ro Vision sin første last med laks ved Salmar på Frøya.

27.03.2020
- Dette er den første brønnbåten med hybride løysingar, seier verftsdirektør Jarle Gunnarstein ved Larsnes Mek. Verksted.
Om bord er det ein batteripakke på 600 kilowatt.
Den 84,1 meter lange og 15,5 meter breie brønnbåten til Rostein-reiarlaget vart overlevert nokre dagar før tida.
- Vi hadde avtale på at båten skulle i arbeid for Salmar 1. april, så vi var fem dagar før tida.

3.900 kubikkmeter

Ro Vision har ein lastekapsitet på 3.900 kubikkmeter.
Båten er den tredje frå Rostein som har langtidskontrakt med Salmar.
Båten er tilrettelagt for både smolt og laks.

220 tonn

Første lasten på 220 tonn vart henta ved Salmar sitt anlegg på Nordskaget.
Båten er innreidd for tolv personar.
Skroget er bygt ved verftet sin samarbeidspartnar Marine Project i Gdansk.

Publisert: 27.03.2020 13:33

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:55