Verdsarvomraada haapar paa turistskatt neste aar
VIL HA PRØVEPROSJEKT: Administrerande direktør Ståle Brandshaug i Visit Sognefjord håpar verdsarvområda ved Nærøyfjorden og Geirangerfjorden neste år kan bli med i eit prøveprosjekt for å testa ut turistskatt.  
Nytt

Verdsarvområda håpar på turistskatt neste år

Vil ta betaling for å køyre til Geiranger.

04.09.2020
NPK: Dersom det går slik reiselivsdestinasjonar i Sogn og Geiranger håpar på, kan verdsarvområda ved Nærøyfjorden i Sogn og Geirangerfjorden på Sunnmøre neste år bli med på eit prøveprosjekt om turistskatt.
– Det er framleis nokre godkjenningar som skal på plass, men vi har eit håp om det neste sommar, seier administrerande direktør Ståle Brandshaug i Visit Sognefjord til
Etter å ha studert liknande avgifter i andre land, ser Brandshaug for seg at det mest aktuelle er ei ordning der ein betalar ei avgift for å reisa inn i eit område, samtidig som det blir laga eigne ordningar for lokalbefolkninga.

Ny oppmoding frå SV

Brandshaug har lenge ivra for at dei tilreisande bør vera med å betala for dei fellesgoda dei brukar i lokalsamfunnet. Meiningane om turistskatt er likevel delte.
SV har tidlegare føreslege at ein bør greia ut ulike modellar for turistskatt. Saka skulle vore behandla i Stortinget i midten av april, men blei i mars utsett på ubestemt tid på grunn av koronaviruset.
I samtale med NRK tek SV-representant Torgeir Knag Fylkesnes på nytt til orde for at regjeringa bør greia ut saka.

NHO: – Uheldig tidspunkt

Det er NHO Reiseliv sterkt kritiske til.
– Dette var eit dårleg forslag førre gong SV foreslo det, og det er eit endå dårlegare forslag no som hotell og restaurantar held på å gå konkurs, seier Ole Michael Bjørndal, fagsjef for næringsliv i NHO reiseliv til kanalen.

Publisert: 04.09.2020 12:48

Sist oppdatert: 07.04.2021 15:50