Verft leverte staalkasse til forskaling
KLAR TIL LEVERING: Den digre stålkonstruksjonen klar for levering frå Kleven verft torsdag. 
Nytt

Verft leverte stålkasse til forskaling

Vekst i betongmarknaden ga spesielt oppdrag for Kleven.

Marius Rosbach
07.03.2019
Kleven verft leverte torsdag ein stor stålkonstruksjon som skal nyttast som ei undersjøisk forskalingskasse hos Haddal-bedrift.
Skipsverftet er mest vande med å bygge skip, men har dei siste åra også snust på andre typar oppdrag der ein kan nytte ekspertisen verftet har opparbeida seg på stålkonstruksjonar.
Stålkassa som dei no har bygd for Ulstein Entreprenør, måler 17 gonger 65 meter og er drygt seks meter høg. Vekta på konstruksjonen er på 170 tonn og to slepebåtar hadde oppdraget med å frakte den til Ulstein Betongindustri.
Der skal den nyttast som forskaling under vatn som ei ytre forskaling ved den nye tørrdokka Haddal-bedrifta skal bygge.

Auke etterspørsel

Bakgrunnen for bestillinga er at Haddal-selskapet har auka etterspørsel etter flytekaier og flytemoloar i betong. Difor har dei bestemt seg for å bygge ein eige dokk til denne produksjonen.
Den eksisterande tørrdokka vert no spesialtilpassa til bygging av fôrflåter til havbruksnæringa.
Bygginga av den nye dokka er kostnadsrekna til 30 millionar kroner og er planlagt ferdig til 1. september i år.
– Flytande betongkonstruksjonar er noko vi har stor tru på framover, fortalde dagleg leiar Asbjørn Tronstad ved Ulstein Betong Marine .

Kleven jobba med vegprosjekt

Kleven-verftet har også vore hyra inne som spesialkonsulentar i planlegginga av Rovdefjordsambandet.
Her undersøkte dei kva for moglegheiter som ligg i å nytte stålkonstruksjonar, i staden for betong på delar av vegprosjektet.
Ein rapport frå vegprosjektet i fjor, viste at det var mogleg å spare kring 100 millionar ved å nytte robotsveising til å lage ei brukasse av stålplater. Kleven har tidlegare også fått støtte til eit forskingsprosjekt i dette arbeidet, den gong marknaden for verfta var tyngre enn no.

Les også:


Publisert: 07.03.2019 20:40

Sist oppdatert: 16.07.2021 13:07

Mer om