Nytt
Verftet slapp med to dagar stenging
Aas Mek. Verkstad-sjefen meiner dei har god smittekontroll på dei utanlandske arbeidarane og testar alle to gongar.
Marius Rosbach
09.11.2020
Måndag kunne Ass Mek. Verksted opne att etter å torsdag og fredag grunna koronasmitte hos ein utanlandsk arbeidar.
Verftssjef Halvard Aas er glad for at dei slapp å halde stengt lenger. Dei driftsmessige konsekvensane av sjølve stenginga er difor er små.
– Det blei heldigvis ei kort periode. Vi har full rulle no, men det er 51 tilsette som er i karantene, så det blir litt redusert bemanning, fortel han til NETT NO.
Det var onsdag i førre veke at ein arbeidar testa positivt, verftet blei stengt medan smittesporinga pågjekk. Etter at dei 51 nærkontaktane til arbeidaren har testa negativt, er drifta sett i gong att – men nærkontaktane må vere i karantene ut perioden.
Mellom anna har dei hatt rutine med at alle som kjem til verftet blir testa to gangar. Før helga innførte regjeringa krav om at alle som kjem til landet skal ha avlagt ein negativ koronatest når dei kjem til Norge.
– Vi har hatt to testar fram til no, men med dei nye reglane, vil vi teste folk på nytt etter 6. dagen. Det er noko vi legg på som ei ekstra sikkerheit, fortel han.
– 100 prosent sikre kan vi aldri vere, men vi køyrer eit strengt regime og har relativt gode fasilitetar for å skilje mellom dei nye som kjem, og dei som er i karantene, fortel Aas.
Vestnes kommune påpeiker i ei at det er viktig at alle tenker smittevern framover og har låg terskel for å teste seg om dei føler seg sjuke.
Sjølv med ein negativ test, skal alle i tillegg inn ti dagars karantene, ifølgje krava frå styresmaktene.
Tidlegare var det slik at arbeidarar som testa negativt når dei kom til Norge, kunne starte å jobbe - men vere i karantene på fritida.
Verftssjef Halvard Aas er glad for at dei slapp å halde stengt lenger. Dei driftsmessige konsekvensane av sjølve stenginga er difor er små.
– Det blei heldigvis ei kort periode. Vi har full rulle no, men det er 51 tilsette som er i karantene, så det blir litt redusert bemanning, fortel han til NETT NO.
Det var onsdag i førre veke at ein arbeidar testa positivt, verftet blei stengt medan smittesporinga pågjekk. Etter at dei 51 nærkontaktane til arbeidaren har testa negativt, er drifta sett i gong att – men nærkontaktane må vere i karantene ut perioden.
Testar alle to gonger
Verftssjefen meiner dei har god smittekontroll av dei utanlandske arbeidarane. På same vis som mellom anna Vard, har verftet lagt seg på ei strengare linje enn krava frå styresmaktene, for å vere mest mogleg sikre på å sleppe smitte.Mellom anna har dei hatt rutine med at alle som kjem til verftet blir testa to gangar. Før helga innførte regjeringa krav om at alle som kjem til landet skal ha avlagt ein negativ koronatest når dei kjem til Norge.
– Vi har hatt to testar fram til no, men med dei nye reglane, vil vi teste folk på nytt etter 6. dagen. Det er noko vi legg på som ei ekstra sikkerheit, fortel han.
Har hatt eitt tilfelle
Tidlegare har dei hatt eitt tilfelle som ble avdekka medan vedkomande var i karantene. Personen skal ikkje ha hatt symptom på luftvegsjukdom - på same vis som alle av .– 100 prosent sikre kan vi aldri vere, men vi køyrer eit strengt regime og har relativt gode fasilitetar for å skilje mellom dei nye som kjem, og dei som er i karantene, fortel Aas.
Vestnes kommune påpeiker i ei at det er viktig at alle tenker smittevern framover og har låg terskel for å teste seg om dei føler seg sjuke.
Må likevel i karantene
Arbeidarar som ikkje kan legge fram ein negativ test kan bli avvist ved grensa . Testen skal vere gjort i løpet av dei siste 72 timane med ein godkjend metode.Sjølv med ein negativ test, skal alle i tillegg inn ti dagars karantene, ifølgje krava frå styresmaktene.
Tidlegare var det slik at arbeidarar som testa negativt når dei kom til Norge, kunne starte å jobbe - men vere i karantene på fritida.
Les også:
Publisert: 09.11.2020 09:55
Sist oppdatert: 10.02.2021 15:04