Verftsarbeidarar forsoeker vere tolmodige
MANGE TELEFONAR: Mange tidlegare kollegaer tek kontakt for å høyre om den gamle klubbleiaren har noko å fortelje. – Berre no medan eg har snakka med deg, har det vore to telefonar, fortel Olav Høydalsvik mot slutten av intervjuet med NETT NO.  
Nytt

Verftsarbeidarar forsøker vere tolmodige

Tidlegare tillitsvalt ved Kleven-verftet får mange telefonar frå gamle kollegaer om dagen.

Marius Rosbach
13.08.2020
I desse dagar er det ein månad sidan det blei klart at og startar Green Yard Kleven. Gleda var stor mellom mange tilsette over avgjerda, men sidan har det vore langa dagar i vente på kva som skjer vidare.
Tidlegare klubbleiar Olav Høydalsvik i Fellesforbundet fortel at det er mange telefonar frå folk som lurar på kva som skjer.
– Ja, det er heile tida, seier Høydalsvik til NETT NO.
Men han har ikkje så mange svar å by sine gamle kollegaer.
– Har folk begynt å sjå seg om etter anna jobb, eller håpar dei framleis på Kleven-jobb?
– Det er nokre som eg har forstått ser seg om andre stader. Dei fleste forsøker vere tolmodige, men for kvar veke som går, så blir det meir vanskeleg, seier han.
Til saman var det kring 200 tilsette i verftsselskapet då dei tidlegare eigarane i Div Group . Desse blei då oppsagde.

Les også:



Håpar på avklaring snart

Sjølv har Høydalsvik vore innom verftet fleire gonger, men bortsett frå eit par møter for ei stund tilbake har han hatt lite kontakt med leiinga.

– Eg synest det begynner å ta rimeleg lang tid. Sett i høve dei signala vi fekk i starten, så skulle ting skje raskare. Vi får håpe det kjem ei avklaring snart, seier Høydalsvik.
Han har likevel forståing for at leiinga ikkje har stort å seie før dei har avtalar om oppdrag på plass. I første rekke dreiar det seg om den mykje omtala PSV-kontrakten, som .
– Eg reknar med at det blir jobba for å få ei kontrakt som vi kan leve med. Samtidig reknar eg med at nokre sikkert vil ha jobben gjort billig, ettersom det dreiar seg om eit konkursbu, legg han til.

Trur på ny aktivitet

Høydalsvik påpeiker at han trur det blir ny aktivitet på verftet med faste tilsette i regi av Green Yard.
Sjølv reknar 67-åringen med å halde på nokre dagar i veke med fagforeininga, men har ikkje bestemt seg for om han vil halde fram på Kleven.
– Eg har ikkje teke noko standpunkt, også kjem det jo an på om dei ha behov for meg, seier han.

– Teke litt lengre tid enn vi håpte på

Administrerande direktør Kjetil Bollestad i Green Yard Kleven har ikkje så mykje nytt å kome med til dei tidlegare tilsette.
– Vi vil bygge stein på stein, og eitt viktig element for å få på plass tilsette, er oppdraget med PSV-en. Her blir det jobba dag og natt for å kome i mål, men det har teke litt lengre tid enn vi håpte på i starten, fortel Bollestad til NETT NO.
For tida går det føre seg ein prosess det det er fleire interesserte kundar som vil fullføre skipet. Bollestad kan ikkje seie noko om kven dei er, eller korleis dei ligg an, men er optimistisk på at det nærmar seg ei løysning.
I førre veke blei . No blir det starta på arbeidet med å selje inn fleire oppdrag til verftet.
– Det er ikkje noko konkret å fortelje om andre oppdrag per no, seier Bollestad.

Les også:




Analyse:


Dei fleste forsøker vere tolmodige, men for kvar veke som går, så blir det meir vanskeleg

Publisert: 13.08.2020 05:55

Sist oppdatert: 10.02.2021 15:01