Verre enn under finanskrisa
TEMPERATURMÅLAR: Noregs Bank baserer rapporten på intervju med leiarar frå over 300 verksemder og organisasjonar.
Nytt

Verre enn under finanskrisa

Noregs Bank-rapport: Kraftig koronafall blir forsterka av oljeprisfall.

09.06.2020
NPK-NTB: Verksemdene i det regionale nettverket til Noregs Bank melder om kraftig fall på grunn av koronautbrotet. Aktiviteten har falle meir enn under finanskrisa hausten 2018.
Oljeprisfallet har bidrege til å forsterke nedgangen, melder tysdag.
– Ifølgje bedriftene har aktiviteten falle med ein årleg rate på 5,3 prosent dei siste tre månadene. Til samanlikning rapporterte dei om ein reduksjon på litt under 3 prosent under finanskrisa hausten 2008, heiter det.
I ein del næringar har nedgangen vore så kraftig at den faktisk fell under måleskalaen som blir brukt. Det er derfor ifølgje Noregs Bank grunn til å tru at det reelle fallet i produksjonen er større.

Publisert: 09.06.2020 12:37

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:58