Daniel Garden
KLYNGE: Daniel Garden tek over som prosjektleiar etter Per Erik Dalen for GCE Blue Maritime Cluster. Foto: ÅKP
Nytt

Vert ny prosjektleiar for maritim klynge

Daniel Garden med ny jobb i GCE Blue Maritime Cluster.

17.08.2021

– GCE Blue Maritime Cluster har ein spesiell posisjon hos dei maritime bedriftene og er ein viktig nøkkel i samarbeidet mellom privat næringsliv, verkemiddelapparatet og styresmaktene. Å få delta i denne dynamiske sfæren er veldig spanande.

- Eg ser med stor entusiasme fram til å ta til i min nye jobb, seier Daniel Garden, i ei pressemelding.

Kjem frå Ulstein Næringsforum
Han startar for fullt i ÅKP som prosjektleiar for GCE Blue Maritime Cluster frå 1. september. Til ÅKP går han frå jobben som dagleg leiar i Ulstein Næringsforum.

Frå tidlegare har Garden lang erfaring frå maritim sektor. Blant anna har han vore key account manager i Dalhoff Larsen & Horneman A/S i Danmark, der han jobba med å importere råvarer til skipsmøbelproduksjon. Seinare blei han sjef i Optimera Marine, som er ein del av det franske storkonsernet Saint-Gobain. Der vart han etter kvart direktør for konsernet sin maritime divisjon, og var mellom anna med å starte opp Norwegian Cruise & Ferry Group, eit bransjenettverk som no er fasilitert av nettopp den maritime klynga og ÅKP.

Litt annan skule
Garden opplyser i pressemeldinga at han trur erfaringa han har gjer at han kjem til stillinga som prosjektleiar med eit nyttig marknadsperspektiv.

– Gjennom femten år i internasjonal, og etterkvart norsk skipsbyggingsbransje, vil eg kunne bidra med eit marknadsperspektiv som kan vere til nytte i arbeidet for GCE Blue Maritime Cluster. Eg byrja med skipsbransjen i utlandet, men kom til slutt til Norge, og hadde kanskje ein litt annan «skule» enn om eg hadde byrja i ei lokal bedrift først.

Den maritime klynga må omstille seg til ei ny tid med nye krav
Per Erik Dalen

Styrkar laget
Garden tek over som prosjektleiar etter Per Erik Dalen. Sistnemnde har hatt denne rolla i tillegg til stillinga som dagleg leiar for ÅKP, samt fleire styreverv. Desse rollene held Dalen fram i, men han er glad for at han no får styrka laget i ÅKP med Daniel Garden.

– Daniel har lang erfaring, og innblikk i, den maritime sektoren, og har også vore involvert i GCE Blue Maritime Cluster frå tidlegare arbeidserfaring. Eg er viss på at vi no har fått både ein kompetent, og ikkje minst engasjert prosjektleiar, som kjem til å gjere ein god jobb for medlemsbedriftene i GCE Blue Maritime Cluster, seier Dalen i pressemeldinga.

- Må omstille seg
Han meiner at han gir stafettpinnen som prosjektleiar vidare i ei særs spanande tid.

– Den maritime klynga må omstille seg til ei ny tid med nye krav. Dette er òg klynga sin nye strategi, New Blue Deal, eit vitnesbyrd om. Strategien set seg høge mål, men den maritime klynga på Møre har vist tidlegare at den kan snu seg rundt, og den vil klare å snu seg rundt også denne gangen, seier Dalen.

ÅKP driv GCE Blue Maritime Cluster på vegne av medlemsbedriftene. Det var ÅKP som skaffa klynga status som Center of Expertice i 2004, Norwegian Centre of Expertise i 2006, og Global Centre of Expertise i 2016, alt som først i Norge. For dette arbeidet ble ÅKP kåret til beste klyngeorganisasjon i Europa.

Klyngefakta:
* Den maritime klynga på Møre består av rundt 220 bedrifter innan reiarlag, skipsdesign, verft og utstyrsleverandørar.

* Klynga sysselsett 13 600 personar.

* I 2020 hadde klynga 47 milliardar kroner i omsetning.

-* Verdiskapinga kan skrivast til 15 milliardar kroner i 70 land.

* Klyngeprosjektet sitt hovudmål er å styrke klynga si globale konkurransekraft gjennom å forsterke dei mekanismane som fører til ny kunnskap, kompetanseheving, innovasjon og vertskapsattraktivitet. - GCE Blue Maritime Cluster har nasjonal status og er med i klyngeprogrammet til Innovasjon Norge, Siva og Norges Forskningsråd.

* ÅKP driv klyngeprosjektet på vegne av klynga. - Fekk status som Centre of Expertise i 2004, Norwegian Centre of Expertise i 2006, og Global Centre of Expertise i 2016, alt som først i Norge. For dette arbeidet ble ÅKP kåret til beste klyngeorganisasjon i Europa.

Publisert: 17.08.2021 18:56

Sist oppdatert: 17.08.2021 20:19

Mer om