Kenni E Dogbey Vestnes Ungdomsrad foto Ogne
NYSKAPING: Kenni E. Dogbey i Vestnes Ungdomsråd er ein av dei som står bak den nye ungdomskonferansen. Foto: Ogne Øyehaug
Nytt

Unge bak rekrutteringskonferanse

No er det unge som inviterer næringslivet og politikarane inn på sin konferanse. Målet er å inspirere unge til å kome tilbake etter studiar.

15.10.2025

Kenni E. Dogbey og andre deltakar i fleire ungdomsråd i Romsdal står bak konferansen Vifra i Bjørnsonhuset i Molde torsdag 16. oktober. 

– Visjon for framtida (VIFRA) er ein regional ungdomskonferanse av og for ungdom, initiert av Det Umulige Huset og ungdomsorganisasjonen UngMulig frå Rauma. Vi er åtte ungdommar frå dei ulike ungdomsråda i Romsdal som har gått saman for å skape ein møteplass mellom ungdom, næringsliv og politiske beslutningstakarar i regionen, seier Dogbey i ein epost til Nett No.

Les programmet her

– Vi ser at det manglar slike møteplassar i dag, og ønskjer å skape ein litt annleis konferanse der ungdom sjølv er med og formar innhaldet. Målet er å vise fram alt det gode som skjer i Romsdal, og å inspirere fleire unge til å kome tilbake til regionen etter studiar, seier Dogbey.

Dogbey er sjølv medlem i ungdomsrådet i Vestnes kommune.

Ideen til arrangementet kom frå prosjektet "Det umulige huset" i Rauma, men er vidareutvikla av ungdomsrådmedlemane etter at dei vart spurt til råds. 

Sparebanken Møre, Brunvoll, GassROR og næringsforuma i heile Romsdal er med som sponsorar.

I tillegg til Dogbey står desse ungdomsrådmedlemane bak konferansen:
Anders Krogset – Molde ungdomsråd

Sebastian Bredin – Molde ungdomsråd
Ylva Baldersheim – Rauma ungdomsråd og UngMulig
Ferdinand Brevik – UngMulig
Tomine Dahle –Rauma ungdomsråd og UngMulig
Linda Mordal – Hustadvika ungdomsråd
Leni Blank – Aukra ungdomsråd

Publisert: 15.10.2025 12:50

Sist oppdatert: 15.10.2025 18:21

Mer om