Vestkapp gruender fekk ja saa nei
SNUDDE: Tre veker etter at Stad kommune sa ja til Liv Koller-Borg sine planar om overnattingsbygg på Vestkapp ombestemte den seg. Vanskeleg situasjon, seier Liv Koller-Borg.
Nytt

Vestkapp-gründer fekk ja – så nei

Trekte løyve til overnattings-podar.

10.03.2020
Etter at Liv Koller-Borg i Vestkapp Holding før fekk ja til å sette opp små minihus for overnatting på Vestkapp, har kommunen snudd og trekt løyve, skriv .
Stad kommune meiner administrasjonen ikkje hadde kompetanse til å gi løyve, og at saka må opp til politisk handsaming. Det er også kome inn merknader frå naboar etter fristen – som kommunen meiner det bør takast omsyn til.
Koller-Borg fortel til avisa at dei kjem i ein vanskeleg situasjon ved at saka blir omgjort tre veker etter dei fekk løyve.
– Vi har kostnadar som løper på desse vekene. No vert det jobba med sluttproduktet og kvalitetssikring. Det er dette vi satsar på å få i orden i år. Kommunen seier i reiselivsstrategien at reiseliv skal vere berekraftig. Dei regulerer ei tomt til servering og overnatting, og gir oss løyve – for så å trekke det tilbake. Det skaper usikkerheit. Vi har også tilsett ein ny kokk på Vestkapp, og må tenke personal og løysingar. Dette er arbeid som allereie er i gang, og som vi har løpande kostnadar på, seier ho til avisa.

Les også

:

Publisert: 10.03.2020 09:58

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:54