Vestlandske ombygging MF Jorunheimog MF Hjorungavag illustrasjon Vestlandske
HAR ALTERNATIV: Vestlandske har fått unntak frå nullutlsleppskravet på Geirangerfjorden ut juni. Innan då skal desse ombygde ferjene vere på plass. Dei skal gå på batteri. Illustrasjon: Vestlandske.
Nytt

Vestlandske fekk ja

Kan gå med dieselferjer på Geirangerfjorden til batteriferjene kjem i juni.

14.04.2026

Vestlandske har to ferjer under ombygging til batteridrift, men får dei først klare i juni. Ferjene skal gå mellom Hellesylt og Geiranger, der det frå og med i år er krav om nullutslepp av CO2 frå ferjer.

Nullutslepppskravet gjer at Vestlandske må ha dispensasjon frå kravet for å kunne starte rutetrafikken for sesongen som planlagt i morgon, med tradisjonelle dieselferjer.

Den dispensasjonen fekk selskapet på fredag for den eine ferja og i går for den andre. Dermed blir det avgang frå Hellesylt i morgon klokka ni fortel dagleg leiar Øystein Meek i Vestlandske.

Batteriferjer i juni
Dispensasjonen frå nullutsleppskravet gjeld ut juni. I juni er også batteriferjen levert frå verftet etter ombygging og kan ta over når dieselferjene ikkje lenger kan brukast, ifølgje Meek.

Vestlandske startar sesongen med ei ferje i drift og går over til to ferjer frå 15. mai.

Satsa på vern
Dei siste åra har Fjord 1 og Vestlandske konkurrert på Geirangerfjorden med to ferjer kvar. 

Fjord 1 har fått avslag på søknanden om vernestatus for sine to dieselferjer. Ei ja ville gjort at reiarlaget kunne halde fram å trafikkere ruta med dieseldrift. Sjøfartsdirektoraret har gitt Fjord 1 unntakt frå nullutsleppskravet ut juni. 

Publisert: 14.04.2026 09:30

Sist oppdatert: 14.04.2026 09:30

Mer om