Veveriet i Innvik skal doble salet
EKSPORTBEDRIFT: Møbeltekstilprodusenten Innvik i Stryn henta 75-80 prosent av inntektene sine i eksportmarknaden, og ventar å vekse meir ute. Biletet viser lærling Even Midtbø ved ein av vevemaskinene. 
Nytt

Veveriet i Innvik skal doble salet

Møbeltekstilprodusenten Innvik i Stryn investerer 50 millionar kroner i bygg og anlegg for å doble inntektene.

10.12.2020

Målet til Innvik er å auke driftsinntektene frå 74 millionar kroner i 2019 til 150 millionar kroner i 2030. 100 millionar i driftsinntekter skal passerast i 2023.

No har styret i det 130 år gamle selskapet sagt ja til å utvide dagens fabrikkbygg frå 4200 til 5500 kvadrameter og investere i nytt produksjonsutstyr. I alt er det snakk om ei investering på 50 millionar kroner.

Vekst

På grunn av koronaepidemien kom det korkje kundar eller forsyningar i andre kvartal, men frå 3. august har det vore full produksjon med tre skift, seier dagleg leiar og medeigar Bjørn Aage Haugen.

Selskapet klarer ikkje å ta att inntektene som gjekk tapt i 2. kvartal fullt ut, men vil kome ut i pluss også i år, ifølgje Haugen.

Bedrifta eksporterer 75-80 prosent av alt den produserer, og ifølgje Haugen er det venta vidare vekst i eksportmarknaden.

Planla pausen

Den ufriviljuge produksjonspausen i 2. kvartal blei brukt til å planlegge investeringane som skal gjerast.

Investeringa skal mellom anna brukast på å lage eit moderne garnfargeri som vil ha større kapasitet og bruke mindre energi. Med det anlegget kan Innvik sjølv gjere arbeid som i dag blir gjort i europiske fargeri.

Fyrer med ved

Investeringa heng og saman med ei omlegging frå å bruke oljefyringsanlegg og i staden knytte seg til eit flisfyringsanlegg. Flisfyringsvarmen skal kome frå røter, greiner og anna avkapp frå skogbruket i eit fyringsanlegg som skal erstatte dagens oljefyr.


Saman med elektrisitet frå vasskraft skal dette gjere produksjonen til Innvik CO2-utsleppsfri, i og med at fyring med tremateriale blir det rekna som ei nøytral utsleppskjelde, fordi det resirkulerer CO2 som er bunde i trea.

Anlegget skal etter planen byggast av Stryn Nærvarme, som er eit datterselskap av Norsk Bioenergi på Vestfossen i Buskerud og skal også forsyne skulen og omsorgssenteret i Innvik med varme.


Publisert: 10.12.2020 18:00

Sist oppdatert: 21.04.2021 07:48