- Det er klart at marknadssituasjonen er ein heilt annan no enn då skipet vart kontrahert.
- Like fullt trur vi dette er framtidas skip, og vi har trass alt 5 1/2 års kontrakt på skipet.
1,4 milliardar kroner kostar Kleven-bygde Edda Freya, det dyraste skipet Haugesund-reiarlaget har bygt.
Walland seier at han ikkje har mist nattesomnen etter at han 3. mars overtok som toppsjef i reiarlaget etter å ha arbeidd der i tjue år.
- Nei, sjølv om det er tøft no, er vi optimistar på litt lenger sikt.
- Mellom anna har vi ikkje obligasjonseigarar å forhalde oss til. Vi har berre bankane.
Nyleg måtte reiarlaget . Flerbruksfartøyet Edda Fjord vart tatt permanent ut av marknaden, medan PSV-en Edda Fram vert lagt til kai med kun sikkerheitsbemanning.
- Ja, marknaden er beintøff, spesielt for PSV-ar i Nordsjøen.
Medan andre reiarlag har forhandla fram lønsreduksjonar med sine tilsette, er det ingen slike planar hos Østensjø.
- Nei, dette er ikkje noko vi har vurdert.
- Ja, og i tillegg håper vi at også opsjonanane vert gjort gjeldande.
Det 149,8 meter lange skipet er spesialrigga for å leggje opp til 18 toms rør på havbotnen, men Walland vil ikkje kalle skipet eit rørleggingsfartøy.
- Nei, dette er eit avansert offshore konstruksjonsskip, som kan utføre mange typer operasjonar.
Desse tiltaka er nødvendige for at desse to plattformene skal kunne koplast til Maria-installasjonane, som ligg i det same området. Maria-feltet vert operert av Wintershall.
I tillegg til stigerør, skal Edda Freya leggje dynamisk kontrollkabel og elektrisk kabel.
DeepOcean treng fleire skip til operasjonen, men har tidlegare opplyst at dette arbeidet skal utførast av skip frå selskapet sin øvrige flåte.
Statoil-oppdraget startar etter sommaren, medan Edda Freya skal gjere fleire mindre jobbar for andre selskap innan den tid.
- Like fullt trur vi dette er framtidas skip, og vi har trass alt 5 1/2 års kontrakt på skipet.
1,4 milliardar kroner kostar Kleven-bygde Edda Freya, det dyraste skipet Haugesund-reiarlaget har bygt.
Ti nybygg
Edda Freya er sentralt i selskapet sitt , med ti fartøy i vente innan 2018. Totalt har reiarlaget signert byggjekontraktar på rundt fire milliardar kroner, eit reiarlag som satsar både på offshorefartøy og taubåtar.Walland seier at han ikkje har mist nattesomnen etter at han 3. mars overtok som toppsjef i reiarlaget etter å ha arbeidd der i tjue år.
- Nei, sjølv om det er tøft no, er vi optimistar på litt lenger sikt.
Ingen obligasjonar
Han meiner at reiarlaget er betre stilt enn mange andre.- Mellom anna har vi ikkje obligasjonseigarar å forhalde oss til. Vi har berre bankane.
Nyleg måtte reiarlaget . Flerbruksfartøyet Edda Fjord vart tatt permanent ut av marknaden, medan PSV-en Edda Fram vert lagt til kai med kun sikkerheitsbemanning.
Ikkje tema med lønskutt
Walland seier at det er vanskeleg å få nye kontraktar for skip som går av kontrakt.- Ja, marknaden er beintøff, spesielt for PSV-ar i Nordsjøen.
Medan andre reiarlag har forhandla fram lønsreduksjonar med sine tilsette, er det ingen slike planar hos Østensjø.
- Nei, dette er ikkje noko vi har vurdert.
Rørlegging
Men han er glad for at Edda Freya har så pass lang kontrakt som 5 1/2 år.- Ja, og i tillegg håper vi at også opsjonanane vert gjort gjeldande.
Det 149,8 meter lange skipet er spesialrigga for å leggje opp til 18 toms rør på havbotnen, men Walland vil ikkje kalle skipet eit rørleggingsfartøy.
- Nei, dette er eit avansert offshore konstruksjonsskip, som kan utføre mange typer operasjonar.
Heidrun og Kristin
Skipet er leigd ut til DeepOcean som mellom anna er tildelt kontrakten på å leggje stigerør for Statoil-plattformene Heidrun og Kristin i Nordsjøen.Desse tiltaka er nødvendige for at desse to plattformene skal kunne koplast til Maria-installasjonane, som ligg i det same området. Maria-feltet vert operert av Wintershall.
I tillegg til stigerør, skal Edda Freya leggje dynamisk kontrollkabel og elektrisk kabel.
DeepOcean treng fleire skip til operasjonen, men har tidlegare opplyst at dette arbeidet skal utførast av skip frå selskapet sin øvrige flåte.
Statoil-oppdraget startar etter sommaren, medan Edda Freya skal gjere fleire mindre jobbar for andre selskap innan den tid.
Det er klart at marknadssituasjonen er ein heilt annan no enn då skipet vart kontrahert
Publisert: 15.04.2016 15:42
Sist oppdatert: 10.02.2021 13:55






