Nytt
- Vi er klare når marknaden kjem tilbake
Westplast tente bra med pengar i fjor, sjølv om seismikkmarknaden stoppa heilt opp. No håper Hallgeir Skorpen på ei gravis opptrapping.
17.07.2020
- Det verste er om det kjem eit raus med bestillingar, slik vi opplevde i 2006. Det vert fort vanskeleg å handtere.
Det seier Skorpen, som gjennom Westplast AS har spesialisert seg på arbeidsbåtar til seismikk.
Totalt har selskapet levert eit åttitals båtar, med 20 båtar på eitt år som rekord.
- Det byrja å kome inn nye bestillingar, men så vart det til slutt full stopp på grunn av korona og oljeprisfall.
Men Herøy-selskapet har likevel hatt bra med arbeid innanfor vedlikehald og oppgradering av flåten.
I det siste har også båtar laga hos ulike konkurrentar vorte oppgraderte hos Westplast AS, også med montering av Westplast-utvikla utstyr.
- Ja, dette er fole kjekt.
- Vi prøver å vere fleksible, og hjelper når nokon spør om det, seier Skorpen.
- Tidlegare var det mange selskap som kjøpte inn varer til å ha på lager sjølve.
- No er det stramma skikkeleg inn, og ein kjøper berre det ein absolutt treng. Då er det viktig at vi kan bistå fort.
I fjor var det berre to russiske lag som brukte senteret, og hittil i år er det ingen nye bestillingar.
Hallgeir Skorpen er sikker på at det var ei rett satsing, sjølv om det koste fem millionar kroner.
- Ja, denne delen kjem garantert snart tilbake.
- Vi skal vere klare når markanden kjem tilbake.
Westplast er heileigd av Skorpen gjennom selskapet Fluda Eiendom AS.
Han starta sjølv opp Westplast AS i 1986, medan Skorpen-familien heilt sidan 1950-talet har vore involvert i bygging av båtar i glasfiber.
Det seier Skorpen, som gjennom Westplast AS har spesialisert seg på arbeidsbåtar til seismikk.
Totalt har selskapet levert eit åttitals båtar, med 20 båtar på eitt år som rekord.
Bråstopp
Men siste fire åra har det vore heilt stopp i bestilling av nybygg, men før jul såg det på nytt lyst ut.- Det byrja å kome inn nye bestillingar, men så vart det til slutt full stopp på grunn av korona og oljeprisfall.
Men Herøy-selskapet har likevel hatt bra med arbeid innanfor vedlikehald og oppgradering av flåten.
I det siste har også båtar laga hos ulike konkurrentar vorte oppgraderte hos Westplast AS, også med montering av Westplast-utvikla utstyr.
- Ja, dette er fole kjekt.
- Vi prøver å vere fleksible, og hjelper når nokon spør om det, seier Skorpen.
Berre det ein treng
Han seier at selskapet sender varer over heile verda.- Tidlegare var det mange selskap som kjøpte inn varer til å ha på lager sjølve.
- No er det stramma skikkeleg inn, og ein kjøper berre det ein absolutt treng. Då er det viktig at vi kan bistå fort.
Treningssenter
Selskapet satsa for fire år sidan på eit komplett treningssenter for seismikk-mannskap.I fjor var det berre to russiske lag som brukte senteret, og hittil i år er det ingen nye bestillingar.
Hallgeir Skorpen er sikker på at det var ei rett satsing, sjølv om det koste fem millionar kroner.
- Ja, denne delen kjem garantert snart tilbake.
- Vi skal vere klare når markanden kjem tilbake.
God økonomi
Selskapet har solid økonomi, med 15,9 millionar kroner i eigenkapital, og ei langsiktig gjeld på berre 0,2 millionar kroner.Westplast er heileigd av Skorpen gjennom selskapet Fluda Eiendom AS.
Han starta sjølv opp Westplast AS i 1986, medan Skorpen-familien heilt sidan 1950-talet har vore involvert i bygging av båtar i glasfiber.
Det byrja å kome inn nye bestillingar, men så vart det til slutt full stopp på grunn av korona og oljeprisfall
Publisert: 17.07.2020 10:45
Sist oppdatert: 10.02.2021 14:58