Vi har naerast vorte nedringt
FEKK LØYVE: Cruise Services planlegg å bruke hurtigbåten Gabriele til ruta mellom Ålesund og Stadlandet. 
Nytt

– Vi har nærast vorte nedringt

Det er rift mellom kommunane om å sikre seg ein stoppestad på den komande Ålesund-Stad-ruta. Cruise Service seier dei gjerne tek i mot gode forslag.

Marius Rosbach
11.06.2020
Samferdsleutvalet i Møre og Romsdal gjekk samrøystes inn for innstillinga og sa ja til i sommar.
Båttransportselskapet har vore nøyd til å sjå seg om etter alternativ drift, etter at koronakrisa sette ein brå stoppar for v.
No jobbar dei på spreng for å sette i gong dei to rutene: Ein med hurtigbåten Gabriele frå Ålesund til Stadlandet, og ein «sightseeing-rute» med fjordabåten Bruvik som er tenkt å trafikkere Ålesund-Borgund museum-Devoldfabrikken-Alnes-Giske.
Kåre Molvær som er operasjonssjef og ein av eigarane i selskapet fortel at interessa har vore svært stor frå Søre-kommunane, som gjerne vil at Ålesund-Stad-ruta skal stoppe nettopp hos dei.
– Vi har nærast vorte nedringt, seier Molvær som legg til at han blei litt overraska over responsen. Sjølv har han mest tru på at «bybåtruta», som han kallar den, vil bere seg betre økonomisk.
Han fortel at kriteria i frå fylkespolitikarane er greie, og at dei satsar på å få rutene opp og gå frå 8. juli.

Har ikkje bestemt stoppestadene

Både Ulstein, Herøy, Hareid, Sande og Vanylven kommunar har teke kontakt om Ålesund-stad-ruta.
I søknaden til fylkeskommunen er det skissert ei rute som går frå den nye Byfjord-kaia ved rutebilstasjonen i Ålesund og til Fosnavåg via Sandshamn og Åram, til Sandvika på Stadlandet.
Molvær påpeiker at ingenting er «høgd i stein» og at dei tek gjerne mot innspel. Mellom anna er det også tenkt at ruta kan gå indre leia via Vartdalsfjorden om det er dårleg vær.
– Vi har nokre tankar, men vil gjerne høyre gode innspel. Det er dei lokale som kjenner forholda best og vi vil gjerne snakke med alle. Det einaste vi veit sikkert, er at endestasjonen blir ved Sandvika, påpeiker han.

Vil vere regionbyggarar

Molvær understrekar at dei vil vere regionbyggarar, og samtidig kome fram til ei rute som er fornuftig økonomisk.
Det høyrer også med til det større bilde at Destinasjon Ålesund & Sunnmøre jobbar med å knytte dei ulike reiselivsopplevingane på Søre Sunnmøre saman i eit eige prosjekt.
– Vi ser føre oss at vi kan vere transportørar mellom dei gode opplevingane. Vi reknar med at det vil vere nokre sokalla signalstopp og nokre faste stoppestader, legg han til.

Håpar på skipstunnelen

På sikt er det håp om at Stad skipstunnel vil bli bygd i sørenden av båtruta som blir planlagd i dag.
Molvær håpar prosjektet kjem på plass og trur at det då er mogleg å få opp eit heilt anna volum på ruta – med eit tilbod som tek dei reisande direkte mellom Ålesund og Bergen.
– Då kan ein til dømes sitte uforstyrra og jobbe om bord på same båt, heile strekninga. Når det gjeld skipstunnelen, trur vi ikkje berre det vil vere ei god praktisk løysing, men også at det vil vere ein fin turistattraksjon, seier han.

Les også:


Vi reknar med at det vil vere nokre sokalla signalstopp og nokre faste stoppestader

Publisert: 11.06.2020 16:12

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:58