Vi skal feire det vi har faatt til og sjaa framover
ULSTEINVIK: Mafoss og dagleg leiar Jan Thormosæter legg opp til storstilt markering av Mafoss sine første femti år.
Nytt

- Vi skal feire det vi har fått til – og sjå framover

Det er fokus på ny teknologi og nye løysingar når Mafoss fredag feirar sine første 50 år.

20.11.2019
- Dette vert ei skikkeleg feiring, med omfattande fagleg program på dagen og ein flott festmiddag på kvelden, seier dagleg leiar Jan Thormodsæter i Maritim Forening for søre Sunnmøre (Mafoss).
Vel 40 bedrifter er medlemar i Mafoss, og det er påmeldt rundt 100 personar til både det faglege seminaret og festmiddagen.
Thormodsæter legg ikkje skjul på at markeringa skjer samstundes som at fleire av medlemsbedriftene slit.
- Det er fleire bedrifter som slit med forkjøling, som varer lenger enn det vi hadde trudd og håpa på.
- Fredag får vi ta oss eit par ekstra paracet og delta på feiringa.

Stor ståpåvilje

Han seier at trass i store økonomiske tap og arbeidsplassar som kan ryke, er han imponert over ståpåvilja.
- I denne regionen går det i bølgjedalar, og gang på gang har vi vist at vi klarer å kome oss opp av bølgjedalen. Det er eg sikker på at vi klarer denne gongen også.
Han etterlyser likevel større forståing frå sentralt politisk hald om kor krevjande det er å drive næringsliv på kysten av Vestlandet.
- Det er stor skilnad å drive næringsliv sentralt på Austlandet og på øyane her ute på Sunnmøre.
- Og då treng vi slett ikkje slike løysingar som at staten pålegg fylka å elektrifisere ferjetrafikken der heile rekninga vert lagt på fylka og deretter på passasjerar og næringsdrivande.

Nyskapingsarbeid

På det faglege seminaret er det fokus på blant anna batteriløysingar, brenselceller og offshore vind.
- Det skjer svært mykje spennande nyskapingsarbeid i regionen, og vi håper at markeringa av våre første 50 år skal bidra til ekstra inspirasjon og motivasjon.
- Vi har i alle fall mykje å feire, seier Thormodsæter.
Det er stor skilnad å drive næringsliv sentralt på Austlandet og på øyane her ute på Sunnmøre

Publisert: 20.11.2019 14:10

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:45