Vi skal verte ein ikkje ubetydeleg reiselivsaktoer
REISELIV: Havila-systemet satsar stort på reiseliv, her ved Arild Myrvoll i Havila Kystruten, Günther Dahler i Havila Hotels, Per Sævik og Hege Sævik Rabben.
Nytt

- Vi skal verte ein ikkje ubetydeleg reiselivsaktør

Per Sævik er strålande nøgd med å få amerikanske partnerarar med på laget, og lovar stor satsing på reiseliv.

11.12.2019
- Dette er eit steg nærare det vi lova då vi gjorde det første kjøpet av Fjord1-aksjar i 2011. Vi sa då at vi skal verte ein ikkje ubetydeleg reiselivsaktør, og det ligg fast.
Saman med Colorado- og New York-baserte Vision Ridge Partners kontrollerer no Sævik-familien 70,35 prosent av Fjord1, der Herøy-selskapet sjølv sit på 66,5 prosent av aksjane.
Kjøpet vart gjort til 675 millionar kroner etter børsslutt måndag.

Stor interesse frå fond

Sævik opplyser at ein har arbeidd med planane sidan i vår.
- I utgangspunktet hadde vi tenkt å vente til vi var ferdige med å byggje dei fire skipa til Havila Kystruten. Det er trass alt ei stor investering, der vi i tillegg har fått problem med bygginga på spanske Barreras.
- Men etter eit møte med Fearnley Securities i vår fekk vi vite at det var stor interesse frå ulike fond til å investere i transportselskap og reiseliv, og då bestemte vi oss for å setje fart.

- Nærast i tankegang

Sævik seier at ein har hatt møter med ei lang rekkje fond, men er glad for at valet til slutt fall på Vison Ridge Partners.
- Dei er langsiktige og satsar på berekraftige investeringar.
- Det var dei som var nærast oss i tankegang.

Medspelar i Havila Kystruten

Saman skal dei to aktørane utvikle Fjord1, men det ligg i korta at det amerikanske fondet også vert ein medspelar for Havila Kystruten.
- Det mest nærliggjande er at vi lagar ei felles overbygning, og der Fjord1, reiseliv og Havila Kystruten vert eigne selskap under ein slik konsernparaply.
Per Sævik vil ikkje ut med kva konkrete planar partnerane har på kort sikt.
- Roma vart ikke bygd på ein dag, men målet er å satse både på infrastruktur og transportmiddel innanfor reiseliv.

Miljøvenleg transport

Eitt av selskapa som Vision Ridge Partners har investert i er Vision Fleet, som satsar stort på passasjertransport med hybride og elektriske fartøy.
Fjord1 har sjølv satsa på reiseliv gjennom 50 posent eigarskap i The Fjords med transport av reisande i miljøvenlege fartøy til verdsarvfjordar og andre stader.
Fjord1 eig også 28 prosent i Geiranger Fjordservice som blant anna fraktar turistar rundt i Geiranger og nærområda.
I tillegg eig Fjord1 34 prosent i Widerøe, og totalt har Fjord1 74 fartøy som driv med ferje- og passasjerbåttrafikk.
Per Sævik seier at det er naturleg at dei ulike delene vert betre inkludert i ei felles reiselivssatsing etter kvart.
- Vi har stor tru på reiselivet, og vi er klare til å utvikle framtidsretta og berekraftige løysingar.
Vi har stor tru på reiselivet, og vi er klare til å utvikle framtidsretta og berekraftige løysingar

Publisert: 11.12.2019 15:33

Sist oppdatert: 18.03.2021 13:38

Mer om