Nytt
Victoria vert dansk eigd
Fargen vert endra frå raud til blå etter at den Kleven-bygde kabelleggjaren vert dansk.
23.02.2017
I mai skal den 140 meter lange og 30 meteren kabelleggjaren døypast i Sverige, men båten vert dansk eigd etter at ABB har bestemt seg for å selje heile sin kabeldivisjon til Brøndby-baserte NKT Cables.
Ifølgje ei børsmelding frå ABB har dei to selskapa inngått eit langsiktig strategisk samarbeide, samstundes som ABB sel sin kabelleggingsdivisjon for 836 millionar Euro.
Inkludert i salet er ABB sin spesialbygde kabelleggjar, som er under bygging ved Kleven Verft.
Les her:
Fartøyet er av typen SALT 306 CLV frå Salt Ship Design på Stord.
Om bord er det mykje spesialutvikla ABB-utstyr.
For Kleven betyr endringa at båten skal få blå farge mot dagens raude farge. I tillegg vert namnet endra frå ABB Victoria til Victoria.

Storkontrakt
Kontrakten vart flagga i september 2015, og samla kontraktsverdi ligg truleg på rundt 1,5 milliardar kroner.Les her:
Fartøyet er av typen SALT 306 CLV frå Salt Ship Design på Stord.
Om bord er det mykje spesialutvikla ABB-utstyr.
For Kleven betyr endringa at båten skal få blå farge mot dagens raude farge. I tillegg vert namnet endra frå ABB Victoria til Victoria.
Publisert: 23.02.2017 15:00
Sist oppdatert: 10.02.2021 14:06