Nytt
Vik Ørsta satsar på spesialdesign
Vik Ørsta aukar satsinga på marknaden for spesialdesigna lysmaster og uterom.
06.01.2021
Blant oppdraga som selskapet gjerne vil vinne er jobben med å lyse opp gater og plassar i det nye regjeringskvartalet, der selskapet er i ferd med å lage utkast til løysingar.
Dette er ein marknad der Saferoad-selskapet Vik Ørsta ser ein stigande etterspørsel og skal satse meir, på seier Vik Ørsta-sjef Kjetil Nesset.
Selskapet har nettopp flytta datterselskapet Stolper frå Oslo til Ørsta, døypt det om til Vik Ørsta Design og tilsett og ein seljar og sin første industridesignar, for å utvikle mellom anna lysmaster, og andre produkt til kundar som vil ha andre løysingar enn Vik Ørsta sine standardprodukt.
Designsatsinga omfattar også utvikling av fleire funksjonar som kan byggast inn i lysmastene, som til dømes ladepunkt for elsyklar og bilar.
Permisjonane blei kortvarig, mellom anna fordi styresmaktene satsa på utbyggingsprosjekt for å halde fart i økonomien.
- Vi merka lite til koronaen, seier Nesset.
Han ventar driftsinntektene i 2021 blir omlag som i 2020.
Vik Ørsta er det største selskapet i Saferoad-konsernet. Selskapet har 280 tilsette og hovudkontor og to produksjonsanlegg i Ørsta og eitt i Vik i Sogn.
Dette er ein marknad der Saferoad-selskapet Vik Ørsta ser ein stigande etterspørsel og skal satse meir, på seier Vik Ørsta-sjef Kjetil Nesset.
Selskapet har nettopp flytta datterselskapet Stolper frå Oslo til Ørsta, døypt det om til Vik Ørsta Design og tilsett og ein seljar og sin første industridesignar, for å utvikle mellom anna lysmaster, og andre produkt til kundar som vil ha andre løysingar enn Vik Ørsta sine standardprodukt.
Designsatsinga omfattar også utvikling av fleire funksjonar som kan byggast inn i lysmastene, som til dømes ladepunkt for elsyklar og bilar.
Kortvarig koronaeffekt
Då koronaepidemien og tiltaka mot den kom i mars hadde Vik Ørsta på det meste 80 personar i permisjon.Permisjonane blei kortvarig, mellom anna fordi styresmaktene satsa på utbyggingsprosjekt for å halde fart i økonomien.
- Vi merka lite til koronaen, seier Nesset.
Godt år
2020 enda med omlag 700 millioner kroner i driftsinntekter og eit "heilt greit resultat", seier Nesset.Han ventar driftsinntektene i 2021 blir omlag som i 2020.
Vik Ørsta er det største selskapet i Saferoad-konsernet. Selskapet har 280 tilsette og hovudkontor og to produksjonsanlegg i Ørsta og eitt i Vik i Sogn.
Publisert: 06.01.2021 06:00
Sist oppdatert: 09.03.2021 20:16