Viktig at fleire soekjer om patentar
PATENT: Severin Gjerde med beviset på at Blue Power Connect har fått innvilga patentsøknaden. No oppmodar Gjerde om at fleire gjer det same.
Nytt

- Viktig at fleire søkjer om patentar

2017 kan verte eit toppår for norske patentar. Severin Gjerde i Blue Power Connect oppmodar fleire til å sikre seg gjennom å ta patent.

05.07.2017
- Ja, utan patent er det svært lett at andre kopierer deg. Og det går fort. Dette er det ei rekkje eksempel på.
Selskapet Blue Power Connect har nyleg fått innvilga ein patentsøknad for si nyutvikla ladeløysing.

Ferjelading

Selskapet innrettar seg i første omgang mot ferjemarknaden, der det er eit aukande behov for ladeløysingar.
- Vår løysing er robust, enkel og effektiv, seier Gjerde.
Les her:

Arbeidskrevjande

Med seg i satsinga har Gjerde Lars Reidar Brekke og Jan Arild Roppen.
- Å søkje om patent er svært arbeidskrevjande, men heldigvis har vi fått god hjelp av Lars Reidar Brekke, som har gjort dette tidlegare.
- Det var stor glede då vi fekk søknaden innvilga, seier Gjerde.
Han opplyser at patenten gjeld både for sjølve koplinga og for den bevegelege ladearma.

Satsar på eksport

Patenten gjeld framleis berre i Norge.
- Men vi kjem raskt til å søkje om patent i fleire andre land.
- Vi ønskjer at vår løysing skal vere ein norsk eksportartikkel, i staden for at vi i Norge skal importere denne typen teknologi. Då må vi også beskytte oss gjennom å ta patent.

Mot ny rekord

Ein fersk statistikk frå Patentstyret viser at 2017 kan verte eit toppår for norske patentsøknader.
I første halvår kom det inn totalt 1085 søknader.
Totalt kom det for heile 2016 inn 2099 søknader, som var det høgste registrerte talet nokon gong, opp 12 prosent frå det forrige toppåret i 2010.

- Eit minefelt

Ifølgje ei pressemelding frå IP-konsulentfirmaet Zacco er det bedrifter i Kina, USA, Japan og Sør-Korea som er dei ivrigaste patensøkarane.
- Auken illustrerer at både fleire norske og utanlandske aktørar sikrar seg einerett via Norge. Det gjer at norske bedrifter bør ha ein strategi for å forhalde seg til dette minefeltet som andre patentar er i ferd med å utgjere i den norske marknaden, seier Thor B. Mosaker i Zacco.
Patent inneber einerett til kommersiell utnytting av ei oppfinning i minst 20 år. Dette er i prakis ei belønning frå samfunnet til verksemder som driv innovasjon.
Det var stor glede då vi fekk søknaden innvilga

Publisert: 05.07.2017 08:54

Sist oppdatert: 08.02.2022 16:57

Mer om