Viktig Havyard kontrakt
KONTRAKT: Danske Esvagt valde Havyard-design på sitt nye offshoreskip. Havyard skal i tillegg levere utstyr for over 100 millionar kroner.
Nytt

Viktig Havyard-kontrakt

Havyard skal levere design i tillegg til utstyr for over 100 millionar kroner til danske Esvagt. Havyard er dagens børsvinnar.

06.06.2016
Skipet skal byggast ved det tyrkiske Cemre-verftet, der Havyard har bygt ei lang rekkje båtar tidlegare.
Skipet er eit Havyard 832 fleirbruksskip.
Ifølgje frå Havyard skal skipet i arbeid for det amerikanske oljeselskapet Hess.
Hayard-nyheita vert godt mottatt på børsen. Aksjen er opp 30 prosent i tidleg handel.

Sikrar arbeid

I ei pressemelding frå Havyard vert det vist til at kontrakten gir meir arbeid for tilsette i Havyard Design & Solutions og Havyard Power & Systems, i tillegg til fleire underleverandørar i regionen.
- Vi har utvikla eit skip som har innfridd krava både frå reiarlaget og dei som skal bruke båten.
- Vi har balansert det tekniske med det kommersielle, og slik vunne ein oljekontrakt i ein svært tøff konkurranse, seier salsdirektør Gisle Vinjevoll Thrane i Havyard Design & Solutions, i pressemeldinga.

Sjette for Esvagt

Kontrakten er den sjette for Havyard med danske Esvagt. Dei andre kontraktrane gjeld fire vindmølleskip og eit skip for mannskapsbyte.
Den siste kontrakten er den første innanfor oljesegmentet.
Havyard opplyser at arbeidet med design og utstyrspakke vert sett i gang med ein gong til skipet som skal leverast våren 2018.
Skipet er 81,9 meter langt, 17,6 meter breidt og får ei trekk-kraft på 100 tonn.

Publisert: 06.06.2016 09:19

Sist oppdatert: 10.02.2021 13:57