Viktoria hareide ringstad blomster innfelt laila endresen 11
MILEPÅLER: Viktoria Hareide er nybakt butikkeigar ved Ringstad Blomster. I same gate planlegg Laila Lillebø Endresen (innfelt) snart å gje seg. Foto: Marius Rosbach
Nytt

Viktoria har kjøpt butikk – Laila vil selje

Saman representerer dei meir enn 85 års butikkhistorie i Ulsteinvik. No står dei ved kvar si milepåle.

Marius Rosbach
13.02.2021

– Det var ei moglegheit vi ikkje kunne seie nei til, fortel Viktoria Hareide om kjøpet av den tradisjonsrike Ringstad Blomster-butikken i Ulsteinvik sentrum.

Denne veka hadde ho nyopning etter at å ha overteke lokala frå Greta Flø, som har vore innehavar i drygt 20 år.

Viktoria Hareide driv allereie gravferdsbyrå eit steinkast unna blomsterbutikken, og ho har jobba som blomsterdekoratør i mange år. Dei sokalla synergieffektane burde med andre ord vere openberre.

– Eg og mannen min er på tredje året med gravferdsbyrået, og vi legg opp til at vi flyttar saman verksemdene, fortel ho.

Valentinsdag, morsdag og fastelavn
Den nybakte butikkeigaren likar å vere kreativ og møte «alle dei kjekke kundane». Då ho hadde opning var det stor pågang.

Ringstad blomster 11
NYOPNING: Denne veka hadde Ringstad Blomster nyopning med valentinsdag, morsdag og fastelavn på same helg. Foto: Marius Rosbach

– Det var veldig masse folk innom med positive tilbakemeldingar, og det er veldig gøy, fortel ho.

Laurdagen blir det truleg ikkje færre innom, ettersom både valentinsdag, morsdag og fastelavn på same dag. For ein blomsterhandlar blir det naturlegvis årets høgdepunkt.

– Vi trudde kanskje at vi måtte ha stengt ei stund, men fann ut at vi berre måtte opne, seier ho.

Overtek 65-årig butikkhistorie
Viktoria tek over ein butikk med ei 65 år lang historie, så merkenamnet burde vere godt innarbeida. Å tilby noko som andre ikkje har, har vore ein måte å trekke til seg kundar fortel den tidlegare butikkeigaren, Greta Flø, som framleis er i full sving då NETT NO er innom.

– Vi har satsa på blomster, og ikkje alt mogleg anna. Mellom anna har vi fått ein marknad på grøne planter, etter at vi starta å ta inn litt spesielle typar. Det har vore ein slager, fortel ho.

Greta er eigentleg pensjonist, men hjelper til i ei overgangsperiode. Ho var i ferd med å gi opp håpet om at nokon ville overta butikken, og lokalavisa Vikebladet kunne i slutten av januar fortelje at om ingen melde seg innan helga, så vart det kroken på døra. Då kom Viktoria Hareide på bana.

– Eg var veldig nøgd med å få selje, for det er absolutt ei plussbedrift. Eg er sikker på at ho får til dette her, seier Greta.

Beste resultat på ti år
I Ulsteinvik er det blomsterbutikkar i begge kjøpesentera, Amfi og Blåhuset, i tillegg blir det selt blomster på bensinstasjonen og ein rekke daglegvarer. Dei to blomsterhandlarane erkjenner at konkurransen har blitt hardare, men er overtydd om at spesialbutikken har ei framtid.

Greta flø viktoria hareide ringstad blomster 11
VARIERT UTVAL: Satsing på blomster og rikt utval av grøne planter har mellom grepa som har gjort at Greta Flø (t.v.) har halde stand mot auka konkurranse. No tek Viktoria Hareid over. Foto: Marius Rosbach

Ferske tal frå Statistisk Sentralbyrå (SSB) støttar dei i det. Dei viser at blomsterbutikkar var mellom dei desiderte vinnarane i handelen i 2020, med ei omsetningsauke på 23 prosent. Berre vin- og brennevin opplevde eit kraftigare oppsving i koronaåret (sjå tal i faktaboks til høgre - under om du les på mobil).

Detaljhandel i 2020 for ulike bransjer, ifølgje SSB

Bransje/kanalDesemberHele året
Netthandel i norske nettbutikker48,9 %37,3 %
Detaljhandel ekskl biler og bensin16,3 %13,5 %
Butikkhandel14,00 %11,90 %
Kjøpesenter4,60 %4,00 %
Vin & brennevin35,5 %27,5 %
Byggevare31,1 %19,3 %
Dagligvare18,0 %15,9 %
Elektronikk14,8 %17,3 %
Bredt vareutvalg14,0 %18,5 %
Møbel13,8 %14,1 %
Sportsutstyr12,4 %10,1 %
Apotek12,0 %10,0 %
Blomster10,8 %23,0 %
Ur, gull- og sølvvarer6,9 %-1,4 %
Kosmetikk6,4 %-8,7 %
Tekstiler & utstyrsvarer5,2 %8,6 %
Annen butikkhandel i spesialforretninger4,0 %0,0 %
Bøker-1,0 %1,8 %
IKT-utstyr i spesialforretninger-2,7 %1,1 %
Klær-5,4 %-9,1 %
Bensinstasjoner-13,0 %-9,8 %
Sko-14,1 %

2020-rekneskapen viser også at Greta Flø leverer frå seg butikken med det beste resultatet på meir enn ti år. Då koronapandemien slo til i fjor, vart det først bråstopp. Greta permitterte sin eine tilsette, som etterpå fekk seg anna jobb – og etterpå vart det fullt køyr ut året.

– Eg vart åleine og etterpå gjekk det berre ein veg; rett opp, fortel ho og ler.

– Har hatt mi eige lønn
Auka nettbestillingar har også gitt meir business med heimkøyring, og det siste året har Greta fått hjelp av ektemannen til å rekke over alle oppdraga.

Den no pensjonerte butikkeigaren fortel at ho har vore bevisst på å legge opp litt pengar til dårlege tider og unngått lån. Slik har ho sikra arbeid, i første rekke for seg sjølv, dei 22 åra ho har drive butikken.

– Eg har ikkje alltid teke utbytte, men har hatt mi eige lønn og vore nøgd med det, seier Greta.

Markerer 20 år i drift neste månad
Nesten tvers over gata for Ringstad Blomster har ein anna av butikkeigarane i Ulsteinvik eit håp om å overlate drifta til nokon andre.

Neste månad er det 20 år sidan Laila Lillebø Endresen starta drifta av Laila Tekstil & Interiør. Dei ti siste åra har ho vore i eit karakteristisk raudt trehus midt i sentrum.

Laila lillebø endresen laila tekstil og interiør 11
KORONA-OPPSVING: Butikken til Laila Lillebø Endresen er mellom dei som har merka oppsving på mange produkt etter at koronapandemien slo til. Foto: Marius Rosbach

– Det er iallfall ikkje fordi det er kjedeleg og at eg ikkje trivast at eg vil gje meg. Men eg nærmar meg pensjonsalder og vil også ha tid til andre kreative ting i livet. samtidig er det ein prosess både for den som sel og ein eventuell kjøpar, fortel Laila.

Starta med kyrkjetekstilar
Vegen til butikkeigar starta med nokre oppdrag med kyrkjetekstilar for 22 år sidan. Då var ho tekstillærar, men måtte etter kvart søke permisjon frå jobben. Ho fortel at vegen fram til interiørbutikk med vekt på tekstilar og systove vart naturleg.

Ved inngangsdøra blir ein møtt av interiør og møbel, men også kle og gardiner. Inst i butikken har ho systove, og driv også med måltilpassa solskjerming, og møbelstoff.

– Vi har kundar frå heile Sunnmøre, kanskje fordi vi har ein del nisjeprodukt som kunden får berre her. Når kundane kjem att gong etter gong, forstår vi at det vi leverer kjem til nytte, fortel ho.

Solskjerming populært
Laila fortel at kontakta med kundane gjer jobben ekstra givande og ho møter dei gjerne på heimebane for å tilpasse produkt etter mål og interiør.

Laila lillebø endresen laila tekstil og interiør 22
STARTA MED PRESTEKLE: Vegen til butikkdrivar starta med at Laila fekk oppdrag med å sy prestekle. Etter kvart trengde ho meir plass, og dei siste 20 åra har ho hatt eigen butikk. Foto: Marius Rosbach

– Det er ting kunden gjerne betalar for, fortel ho.

Solskjermingsprodukt til hus og heim, det offentlege og til båtar ved lokale skipsverft har vore ein aukande del av omsetninga siste åra.

I løpet av koronaåret har også hennar butikk hatt eit oppsving. Symaskiner har vore ekstra populært siste året. Ho trur det er fordi folk har hatt meir tid til å vere kreative.

– Symaskinar klarar vi knapt levere nok av, så der har vi hatt venteliste på, fortel Laila.

Les også: Klesveteraner tror på egen framtid

Pluss og minus i sentrumshandelen

Greta Overvåg: – Eg er ein stolt kremmar

Meir sal med automatisk butikk

Flere vinnere enn tapere i handelen

Lokale kjøpesentra med milliardomsetning

Publisert: 13.02.2021 05:55

Sist oppdatert: 15.02.2021 12:42

Mer om