Vil at fleire gjer som dei Polyform tilsette
FLEIRE TEK FAGBREV: I Polyform på Blindheim tek fleire av dei tilsette fagutdanning i kombinasjon med jobb. Her er Polyform-direktør Vidar Aasestrand med Sindre Finnes frå Norsk Industri.
Nytt

Vil at fleire gjer som dei Polyform-tilsette

Kva næring bør vere neste ut i regjeringas bransjeprogram? Kunnskapsministeren ber om innspel.

Marius Rosbach
17.10.2019

I regjeringa sitt forslag til statsbudsjett for neste år er det sett av 15 millionar kroner til å styrke bransjeprogram for kompetanseutvikling. No ber kunnskapsminister Jan Tore Sanner om innspel frå partane i arbeidslivet om kva næring som bør vere neste ut.

Tidlegare er det starta bransjeprogram for industri- og byggenæringa og for kommunal helse- og omsorgssektor.

– Dei færraste kan ta to år med permisjon frå jobben for å sette seg på skulebenken. Vi treng fleksible tilbod som kan kombinerast med jobb, seier Sanner i ei pressemelding.

41 prosent av norske bedrifter melder om eit udekka kompetansebehov og samtidig gjer teknologiutviklinga at folk jobbar på nye måtar. Sanner seier han håpar på mange spennande nominasjonar til kva som bør kome inn i programmet.

Gode erfaringar i Polyform
Polyform i Ålesund er mellom bedriftene som har nytta seg av dei nye ordningane med fagopplæring. Då NETT NO besøkte bedrifta i sommar, meinte Polyform-sjef Vidar Aasestrand at kursa var ei «fantastisk moglegheit» - og sikra dei meir lojale og nøgde tilsette.

11 tilsette i Polyform meldte seg for å vere med i ordninga då saka blei teke opp på arbeidsplassen i fjor.

Mellom dei 70 tilsette på Polyform er heile 45 av dei operatørar i ein avansert automatisert produksjon. Dei kjem frå ti ulike nasjonar og typisk for slike produksjonsbedrifter, har ein del lågt utdanningsnivå.

Les meir: Tom-Erik og kollegaene tek fagbrev på jobben

Frist til desember
Partane har frist til midten av desember med å nominere bransjer. For å velje treng regjeringa informasjon om kva behovet er og kva type utvikling partane meiner vil dekke behova.

Regjeringa foreslår tiltak på til saman 300 millionar kroner til kompetansereforma «Lære heile livet», i framlegget til statsbudsjett. Målet er at «ingen skal gå ut på dato» og at fleire skal kunne stå i jobb lenger.

Les også: Ny plan skal sikre industrirekruttering

Mener foreldre og skole må påvirke jentene


Publisert: 17.10.2019 10:36

Sist oppdatert: 28.11.2023 21:21