Trollstigen
TROLLSTIGEN: Fylkeskommunen manglar pengar til å finansiere alle oppgåver, og opnar no for å innføre besøksbetaling av trafikksikringstiltak i Trollstigen. Foto: Møre og Romsdal fylkeskommune
Nytt

Vil at turistane skal betale for sikkerheita

Fylkeskommunedirektøren foreslår betaling for å køyre Trollstigen.

23.09.2022

For å få framdrift i sikringa av Trollstigen, foreslår fylkeskommunedirektøren at fv. 63 Trollstigvegen blir ein pilot for besøksbidrag. Pengane skal gå til å finansiere auka trafikksikkerheit på strekninga.

Saka om alternative løysingar for sikring av Trollstigen kjem til behandling i samferdselsutvalet sitt møte torsdag 29. september.

Det opplyser fylkeskommunen i ei pressemelding.

Mange prosjekt
I oppsummeringa av saka skriv fylkeskommunedirektøren om den store oppgåveportefølja og at det er krevjande å skulle finansiere alt:

- Opprusting av fylkesvegtunnelar etter tunnelsikkerheitsforskrifta, oppgradering av ferjekaier, samt vedlikehald av bruer krev store beløp frå fylkeskommunen. I tillegg kjem mange andre samferdselsoppgåver som fylkeskommunen har. For å få framdrift i sikringa av Trollstigen, vil fylkeskommunedirektøren likevel foreslå:

  • eit forprosjekt for å greie ut alternative sikringstiltak for Trollstigen. Forprosjektkostnaden er estimert til 6 mill. kroner og vert å innarbeide i økonomiplan 2023-2026.
  • å søke sentrale styresmakter om å opprette ein pilot for besøksbidrag til Trollstigen. Besøksbidrag skal gå til tiltak langs fylkesveg 63 mellom Sogge bru og Geiranger.

Vurderer turistskatt
Fylkeskommunen viser også til at forslaget er også eit svar på samferdselsutvalet si bestilling i 2019 «om at det blir starta eit arbeid med utgreiing av eventuell innføring av turistskatt (betaling for fellesgode) i Møre og Romsdal.»

Det er ikkje i dag heimel til å ta inn eit besøksbidrag for å finansiere og utvikle turistområde, men regjeringa har i Hurdalsplattforma sagt at den vil «Sikre lokal verdiskaping og tilrettelegging ved å gi kommuner mulighet til å innføre besøksbidrag. Det skal raskt settes i gang ett eller flere pilotprosjekter, for eksempel i Lofoten, basert på lokalt initiativ.»

Dersom det blir tillate å innføre eit besøksbidrag, vil fylkeskommunedirektøren foreslå at fastbuande langs fylkesveg 63 mellom Sogge bru og Geiranger får eit fripass etter søknad til fylkeskommunen.

I rapporten «Sikring mot steinsprang og isnedfall på fv. 63 Trollstigvegen» av Statens vegvesen i 2019 blir det foreslått to alternativ:

  • Alternativ A: Fjellsikring i dagen dvs. fjellreinsk, sikring og fanggjerde
  • Alternativ B: Tunnel og fanggjerde

Grundige undersøkingar
Rapporten anbefaler å vente med å velje mellom alternativ A eller B før grundige undersøkingar er utført, og nytt kostnadsoverslag ligg føre. I saksframlegget til samferdselsutvalet blir arbeidet beskrive i detalj.

- Det vil vere viktig å gjere eit skikkeleg arbeid i eit slikt forprosjekt, fordi elles blir det trong for å starte opp att nesten frå start igjen, på eit seinare tidspunkt, skriv fylkeskommunedirektøren i saksframlegget.

Saka skal etter behandling i samferdselsutvalet vidare til fylkesutvalet før endeleg vedtak i fylkestinget 17. oktober.

Publisert: 23.09.2022 15:27

Sist oppdatert: 23.09.2022 16:29

Mer om