Vil avvikle pelsdyrnaeringa innan 2025
AVVIKLING: Pelsdyrnæringa reagerer sterkt på eit nytt lovforslag frå regjeringa som vil sette kroken på døra for oppdrett av dyr i Noreg. 
Nytt

Vil avvikle pelsdyrnæringa innan 2025

Næringa reagerer sterkt på lovforslaget og kallar det skammeleg.

23.11.2018
NPK-NTB- Fredrik Grønningsæter: Landbruksdepartementet har sendt eit lovforslag om å avvikle pelsdyrnæringa innan 2025 ut på høyring.
Ordlyden i høyringsnotatet som vart sendt ut frå Landbruks- og matdepartementet torsdag er: «Departementet foreslår at det lovfestes et forbud mot å holde eller drive oppdrett av dyr utelukkende eller primært for at dyrene eller deres avkom skal avlives.»
Departementet foreslår at lovforslaget trer i kraft så snart som mogleg, men med ein avviklingsperiode fram til 1. februar 2025.
– Med dette høyringsforslaget følgjer regjeringa opp Jeløya-plattforma der det vart varsla at regjeringa ønsker å gjennomføre ei styrt avvikling av pelsdyrnæringa, seier landbruks- og matminister Bård Hoksrud (Frp).

– Får levebrødet tatt frå seg

– Dette er eit skammeleg forslag frå regjeringa. Dei har hestehandla med ei heil næring, sett demokratiske prosessar til side og snudd liva til fleire hundre familiar på hovudet, seier leiar Bertran Trane Skadsem i Norges Pelsdyralslag.
Skadsem får støtte frå Norges Bondelag som konstaterer at heile prosessen står til stryk:
– Sidan Jeløya-forhandlingane har vi sett at regjeringa har ført ein politisk prosess som eg oppfattar som både kalkulert og brutal. Forslaget handlar reelt sett om at folk får levebrødet tatt frå seg, og mistar næringsgrunnlaget, seier leiar Lars Petter Bartnes i Norges Bondelag.

Kompensasjon

Andre er svært nøgde med forslaget.
– Ei rekke faglege instansar har slått fast at pelsdyroppdrett ikkje er i samsvar med god dyrevelferd. Derfor er eg glad for at dette forbodet no blir sendt på høyring, seier Venstres Guri Melby i ei pressemelding.
Venstre sette avvikling av pelsdyrhald som eit krav i regjeringsforhandlingane.
Departementet skisserer ei kompensasjonsordning for dei næringsdrivande som har ei ramme på inntil 365 millionar kroner. Òg denne summen er det strid om. Pelsdyrnæringa meiner eit moderat overslag gir eit økonomisk tap for næringa på 2,37 milliardar kroner.

Publisert: 23.11.2018 15:34

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:28