Nytt
Vil bygge cruisekai på Stranda
Frode Håkon Kjølås og Roger Halsebakk har inngått intensjonsavtale med det kommunale hamneselskapet.
09.08.2019
I følgje intensjonsavtalen får Halsebakk og Kjølås ansvaret for å sette i gang reguleringsarbeidet som må til for å bygge kaia.
Intensjonsavtalen omfattar berre utbygging av den kommunale kaia i Stranda sentrum, men opnar og for planlegging av bygging av ei kai til der cruisebåtar kan legge til for å koble seg på landstraum og laste passasjerar over på mindre sightseeingsbåtar for å dra vidare inn til Geiranger eller Valldal. Ei slik løysing opnar til dømes for bruk av utsleppsfrie farty frå Stranda og vidare inn i fjordane.
Den kommunale kaia bør utbetrast og Halsebakk og Kjølås si eventuelle investering i cruisekai vil omfatte ei utvida utbygging, ut over utbetringa i kommunal regi.
Roger Halsebakk er grunnleggar og medeigar i brønnbåtreiarlaget Sølvtrans.
Arthur Kordt, som er største aksjonær i Geiranger Seawalk har også investert i den flytande og foldbare cruisekaia ved Nordfjordeid, der dei første cruiseskipa kom i år.
Kjølås er stor aksjonær i Stranda hotell og skianlegget på Strandafjellet, som mellom anna omfatter gondolbane til Roalden, eit populært turistmål om sommaren.
Dei er også på eigarsida i seismikkselskapet , i reiselivsselskapet , bagasjemerklappselskapet , sjukesengselskapet og investeringselskapet Pir Invest.
Intensjonsavtalen omfattar berre utbygging av den kommunale kaia i Stranda sentrum, men opnar og for planlegging av bygging av ei kai til der cruisebåtar kan legge til for å koble seg på landstraum og laste passasjerar over på mindre sightseeingsbåtar for å dra vidare inn til Geiranger eller Valldal. Ei slik løysing opnar til dømes for bruk av utsleppsfrie farty frå Stranda og vidare inn i fjordane.
Den kommunale kaia bør utbetrast og Halsebakk og Kjølås si eventuelle investering i cruisekai vil omfatte ei utvida utbygging, ut over utbetringa i kommunal regi.
Optimar og Sølvtrans
Frode Håkon Kjølås-selskapet Seaside, som blei slått saman med Optimar i 2015, står bak avlusinganlegget som har vore ei stor inntektskjeldene for Optimar-konsernet dei siste åra. Optimar blei seld til det familieigde tyske selskapet Haniel i desember 2017 og Kjølås arbeider framleis i selskapet.Roger Halsebakk er grunnleggar og medeigar i brønnbåtreiarlaget Sølvtrans.
God butikk
Cruisekai kan vere god butikk. Reknskapen til Geiranger Seawalk, som eig og driv den samanleggbare flytande criusekaia i Geiranger hadde 4,6 millionar kroner i overskot av åtte millionar kroner i driftsinntekter i 2018.Arthur Kordt, som er største aksjonær i Geiranger Seawalk har også investert i den flytande og foldbare cruisekaia ved Nordfjordeid, der dei første cruiseskipa kom i år.
Kjølås er stor aksjonær i Stranda hotell og skianlegget på Strandafjellet, som mellom anna omfatter gondolbane til Roalden, eit populært turistmål om sommaren.
Fleire investeringar
Blir det cruisesatsing i Stranda er det ikkje første investeringa der Halsebakk og Kjølås er investorar saman.Dei er også på eigarsida i seismikkselskapet , i reiselivsselskapet , bagasjemerklappselskapet , sjukesengselskapet og investeringselskapet Pir Invest.
Publisert: 09.08.2019 06:00
Sist oppdatert: 01.03.2021 08:03