Fri sikt volsdalsberg Ingerid Ulstein foto Ulstein Group
MEIR: Ingerid Ulstein i Ulsmo vil gjerne bygge fleire bustadar på Volsdalberga i Ålesund. Foto Fri Sikt/Ulsmo
Nytt

Vil bygge meir på Volsdalsberga

I løpet av året vil Ingerid Ulstein i Ulsmo vere i gang med eit nytt stort byggeprosjekt, og meir utbygging på Volsdalsberga i Ålesund står høgt på ønskelista.

19.03.2021

Bygging av tredje byggetrinn i Fri Sikt-prosjektet er i gang skriv utbyggarane Ulsmo og Peab i ei pressemelding. Tredje byggetrinn er eit 14 etasjers høgt hus med 47 leilegheiter, som skal stå ferdig til innflytting i 2023.

Toppetasje på 230 kvadratmeter er allereie seld, og blei den andre leilegheita i Fri Sikt-prosjektet med ein pris på over 20 millionar kroner.

Meir på Volsdalsberga
Med slutten på utbygginga berre to år unna er Ingerid Ulstein i gang med å planlegge nye prosjekt i Ålesund. Førebels har ho ingen byggeklare tomter, men reknar med at det vil vere på plass i løpet av året.

Og ho er klar på at Volsdalsberga står høgt på ønskelista.

- Vi legg ikkje skjul på at vi ønskje å vidareutvikle Volsdalsberga, seier Ulstein.

Frå før har Ulsmo bygd 74 bustadar i sitt første prosjekt på Volsdalsberga, Øvre Volsdalberga, og er i gang med 158 bustadar i Fri Sikt-prosjektet, som er eig 60/40 saman med Peab-konsernet.

Salet skaut fart
Så langt er i alt 102 av 158 leiligheiter i Fri Sikt-prosjektet seld.

Då koronaepideminen kom i mars i fjor bremsa salet kraftig opp, og i heile fjor vart det seld under 20 leiigheiter i Fri Sikt.

No har det snudd, med over 20 selde leilegheiter så langt i år.

- Det har vore ein fantastisk start på året, seier Ulstein.

Publisert: 19.03.2021 09:39

Sist oppdatert: 19.03.2021 11:13

Mer om