Nytt
Vil byggje ny offshorekjempe
Han har fått med seg islandsk og svensk-sveitsisk fiskarkapital til å byggje eit nytt stort offshoreselskap nord for Stad.
09.11.2016
- Hovudkontoret skal liggje i Fosnavåg, og vi håper at vi skal få til noko fornuftig framover, seier Åge Remøy, dagleg leiar i det nystarta selskapet In Nor Vest.
Saman med den islandske Samherji-eigaren Thorsteinn Mar Baldvinsson og den sveits-baserte svenske investoren Magnus Roth har Åge Remøy allereie skaffa 500 millionar kroner til det nye selskapet.
- Slik offshoremarknaden er no, er det mangel på tilgjengeleg kapital for å finne gode løysingar. No har vi kapital, som vi også vil kapitalisere opp, seier Remøy.
Han offentleggjorde dei nye planane rett etter den siste generalforsamlinga i Rem Offshore måndag.
- Vi må klare å få til noko i Fosnavåg og nord for Stad. Eg er opptatt av å bevare aktiviteten og arbeidsplassane.
Remøy seier at han ikkje kjem til å selje seg ut av Solstad med det første.
- Nei, dei aksjane får inntil vidare leve sitt eige liv.
Åge Remøy seier at det er ei stor tillitserklæring at Mar Balvinsson vil satse på nytt.
- Dette kjem nok av at han føler seg godt behandla som aksjonær. I tillegg har han tru på at vi skal få til noko bra saman.
Åge Remøy og familen har sjølv skaffa seg kapital gjennom salet av den tre år gamle reke- og kvitfisktrålaren Hopen, eit sal som truleg vil gi ein gevinst på over 300 millionar kroner.
Salet sat langt inne og vart motvillig gjort for å få bankane med på ein refinansieringsavtale for å berge Rem Offshore. No vert likevel desse pengane brukte inn mot offshore.
- Ja, vi vil gjerne ha andre med, men dette vert ei satsing med base nord for Stad. Ikkje noko anna er aktuelt.
Saka vert oppdatert.
Saman med den islandske Samherji-eigaren Thorsteinn Mar Baldvinsson og den sveits-baserte svenske investoren Magnus Roth har Åge Remøy allereie skaffa 500 millionar kroner til det nye selskapet.
- Slik offshoremarknaden er no, er det mangel på tilgjengeleg kapital for å finne gode løysingar. No har vi kapital, som vi også vil kapitalisere opp, seier Remøy.
Han offentleggjorde dei nye planane rett etter den siste generalforsamlinga i Rem Offshore måndag.
Vil skape aktivitet
66-åringen seier at han eigentleg hadde tenkt å trappe ned, men overtakinga av Rem Offshore av Solstad/Aker førde til at han ville satse på nytt.- Vi må klare å få til noko i Fosnavåg og nord for Stad. Eg er opptatt av å bevare aktiviteten og arbeidsplassane.
Remøy seier at han ikkje kjem til å selje seg ut av Solstad med det første.
- Nei, dei aksjane får inntil vidare leve sitt eige liv.
- Stor tillitserklæring
Islendingen Thorsteinn Mar Baldvinsson har vore av Remøy sine trufaste støttespelarar, heilt sidan første kampen med Solstad i 2008/2009, og fram til Mar Baldvinsson gjekk ut av Rem-styret våren 2015.Åge Remøy seier at det er ei stor tillitserklæring at Mar Balvinsson vil satse på nytt.
- Dette kjem nok av at han føler seg godt behandla som aksjonær. I tillegg har han tru på at vi skal få til noko bra saman.
Fiskarpengar
Det er i stor grad fiskarpengar som vert brukt i det nye selskapet. Mar Baldvinsson er stor på fiskeri og Magnus Roth er tidlegare direktør og medeigar i Ocean Trawler.Åge Remøy og familen har sjølv skaffa seg kapital gjennom salet av den tre år gamle reke- og kvitfisktrålaren Hopen, eit sal som truleg vil gi ein gevinst på over 300 millionar kroner.
Salet sat langt inne og vart motvillig gjort for å få bankane med på ein refinansieringsavtale for å berge Rem Offshore. No vert likevel desse pengane brukte inn mot offshore.
Vil ha andre med
Åge Remøy inviterer andre til å vere med på laget.- Ja, vi vil gjerne ha andre med, men dette vert ei satsing med base nord for Stad. Ikkje noko anna er aktuelt.
Saka vert oppdatert.
Vi vil gjerne ha andre med, men dette vert ei satsing med base nord for Stad. Ikkje noko anna er aktuelt
Publisert: 09.11.2016 10:22
Sist oppdatert: 10.02.2021 14:01