Vil doble Moereforsking
VEKST: Aktiviteten i Møreforsking har aldri vore større, og Møreforskingsjef Agnes Gundersen skal vekse vidare.
Nytt

Vil doble Møreforsking

I løpet av 8-10 år skal Møreforsking i Ålesund blir dobbelt så stort.

12.07.2018
- Jobbar vi bra så har vi to-gangen, seier Møreforskingsjef Agnes Gundersen om vekstambisjonane for Møreforsking Ålesund.
I dag har Møreforsking Ålesund 30 tilsette. Klarer selskapet å doble aktiviteten kan det bli rundt dobbelt så mange.
For å nå målet må selskapet ha ein årleg vekst på åtte-ni prosent i året.

Vekst også i Molde

Vekstambisjonane er knytt til strategiarbeid i begge dei to datterselskapa, Møreforsking Ålesund og Møreforsking Molde. Det er Møreforsking Ålesund som har kome lengst i strategiarbeidet. Gundersen kan difor vere mest konkret når det gjeld Ålesund, men seier begge selskapa skal vekse.
Styret i Møreforsking skal ta stilling til den faglege strategien for Møreforsking Ålesund i september, og Gundersen reknar med at Møreforsking Molde vil vere i mål med sin strategiprosess i løpet av året.

Aukar staben

Både Møreforsking Molde og Møreforsking Ålesund har, eller er i ferd med, å auke staben i år.
I Ålesund har strategien om vekst allereie konkretisert seg i oppretting av ein ny fagruppe som skal forske på verdikjeda for nye marine artar, som til dømes sjøpølse.
Konsernet sysselsette 43 årsverk i fjor.

Eigarane satsa

Då Høgskolen i Ålesund - som var ein av eigarane av Møreforsking - gjekk inn i NTNU, skapte det uvisse om kva eigarane ville med selskapet.
Den uvissa vart rydda av vegen etter diskusjonar eigarane i mellom. Det sa Gundersen sin forgjengar som Møreforskingsjef, Elisabeth Maråk Støle, i eit intervju med NETT NO i 2017.

Møreforsking er eigd av Møre og Romsdal Fylkeskommune, Høgskolen i Volda, Høgskolen i Molde og NTNU.

Publisert: 12.07.2018 06:00

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:23