Vil etablere Ulstein som konferanse sentrum
MERKEVAREBYGGING: Ulstein Næringsforum i samarbeid med Oslo Business Forum etablerer Ulsteinkonferansen som ein ny aktør i næringskonferansemarkanden på Sunnmøre. Målet med satsinga er mellom anna å bidra til å gjere Ulstein kjent for fleire, seier dagleg leiar Daniel Garden i Ulstein Næringsforum.
Nytt

Vil etablere Ulstein som konferanse-sentrum

Ulstein-konferansen 24. september er starten på ei satsing for å etablere Ulsteinvik som eit konferanse-sentrum.

09.09.2020
- Vi ønskjer at Ulsteinvik og søre Sunnmøre kan vere ein plass der store konferansar kan haldast - utan at det handlar berre om lokale bedrifter, seier Daniel Garden, leiar for Ulstein Næringsforum.
Koronaepidemien og tiltaka mot den har gjort at årets konferanse blir arrangert på ein annan måte enn opphavleg tenkt, men etter at det blei opna for påmelding for omlag ei og ei halv veke sidan har pågangen vore stor, seier Garden.

Han håpar å fylle opp dei omlag 180 plassane der er rom for med gjeldande smittevern-reglar. Konferansen skal vere på Sjøborg kulturhus, i tilknyting til Ulstein Hotell.

Konferanse-kollisjon

Konferansen er eit samarbeid med Oslo Business Forum, som arrangerer store næringslivskonferansane i Oslo-området, og som har hatt både tidlegare USA-president Barack Obama og tidlegare statsminister David Cameron som foredragshaldarar.
I år har Oslo Business Forum trekt inn i eit studio der foredragshaldarane snakkar til publikum via nettet, foredrag som mellom anna blir vist på Ulstein-konferansen.
Garden seier samarbeidet med Oslo Business Forum er årsaka til at Ulsteinkonferansen kolliderer med den årlege Klyngekonferansen for maritime næringar, som blir arrangert i Ålesund same dag.
- Ville vi ha den delen av konferansen i vår konferanse så måtte vi ha det den dagen, seier Garden.

Merkevarebygging

Det er tre grunnar til at Ulstein Næringsforum samarbeider med Oslo Business Forum og satsar i konferansemarknaden, i følgje Garden:
Store konferansar set Ulstein på kartet. Det handlar om merkevarebygging, å medverke til å gjere Ulstein kjent for fleire.Ein konferanse i Ulsteinvik er meir tilgjengleg for leiarar i lokalt næringsliv enn konferansar i til dømes Oslo.Overskotet frå konferansen gir eit økonomisk tilskot til Ulstein Næringsforum.

Planlegg for 2021

Tema for årets konferansen er kva som blir endringane av koronaepeidemien.
Frå studio i Oslo får tilhøyrarane mellom andre høyre Morgan Stanley-direktør og leiarskapsbok-forfattar Carla Harris snakke om leierskap medan Gry Cecilie Sydhagen, Tore Ulstein og Tommy Walaunet skal snakk om langsiktig bedriftsleiing i kortsiktige krise.
Planlegginga av neste års konferanse er alt i gang, seier Garden. Korleis den blir kjem an på status for koronaepidemien, men håpet er å kunne samle næringlivsleiarar til ein stor fysisk konferansen i Ulsteinvik i 2021.

Publisert: 09.09.2020 10:55

Sist oppdatert: 12.06.2023 15:31