Frida Voldnes Ulstein Naeringsforum foto Ogne
FØRSTE MØTE: Over 30 unge frå næringslivet på søre Sunnmøre er med på det første møtet i det som blir U37 Søre Sunnmøre. Frida Voldnes i Ulstein Næringsforum er både prosjektleiar for traineeordninga Spring Trainee, og har og organisert møtet i dag. Foto: Ogne Øyehaug
Nytt

Vil etablere U37 Søre Sunnmøre

Samler over 30 moglege deltakarar til første møte.

20.03.2025

Ut frå oppmøtet i Skaparhuset i Ulsteinvik i dag er det god sjanse for at unge tilsette i næringslivet på Søre Sunnmøre får sin eigen nettverksorganisasjon, U37 Søre Sunnmøre.

Målet er å skape ein møteplass og eit høve til å bygge nettverk for unge i næringslivet seier Frida Voldnes i Ulstein Næringsforum. Planen er å tiby både sosiale samlingar, fagleg oppdatering og kunnskap om bedrifter, næringsliv og samfunnliv i regionen.

Det geografiske nedslagsfeltet er dei sju kommunane Hareid, Ulstein, Herøy, Sande, Vanylven, Ørsta og Volda. 

Kortare reise
I regi av Næringsforeningen Ålesundregionen har det vore ein liknande organisasjon der sidan 2017.

For mange på søre Sunnmøre er reisevegen eit hinder for å delta på U37-arrangement i Ålesund,. Det er ei av årsaken til at Ulstein Næringsforum, Mafoss og samarbeidande næringsforum/næringsforeiningar på søre Sunnmøre har gått saman for å få etablert U37 Søre Sunnmøre, ifølgje Voldnes.

Frida Voldnes er både organisator for dagens møte, og  ansvarleg for traineeordninga Spring Trainee. Mellom deltakarane i dag er også traineane i Spring Trainee-programmet og planen er at medlemskap i U37 Søre Sunnmøre skal vere eit tilbod også til dei.

Møtte bedrifter
Fire bedrifter, Havila Kystruten, MMC First Process, Jets og Olympic Subseea er til stades for å presentere seg på det som kan bli den første av fleire samlingar i regi av U37 Søre Sunnmøre 

Publisert: 20.03.2025 11:21

Sist oppdatert: 21.03.2025 11:16