Nytt
Vil finne ut kvifor Viking Sky fekk 'black out'
I dag startar arbeidet for å finne ut kvifor fire dieselgeneratorar svikta samstundes på cruiseskipet Viking Sky. Den amerikanske havarikommisjonen på veg.
25.03.2019
Viking Sky har dieselelektrisk framdriftssystem med fire MAN dieselgeneratorar. To av motorane har ni sylindrar og ein effekt på 5.040 kW og to har 12 sylindrar som produserer 6.720 kW kvar.
Då Viking Sky fekk problem på Hustadvika laurdag, varsla kapteinen at det var 'black out', og at alle fire motorane svikta samstundes. Seinare fekk mannskapet start på ein motor, og til slutt tre, slik at skipet til slutt kunne gå for eiga maskin til Molde.
Der startar i dag undersøkingane om kva som skjedde under det dramatiske nestenhavariet med 915 passasjerar og eit mannskap på 458 om bord i det 228 meter lange Fincantieri-bygde skipet frå 2017.
I tillegg opplyser at også den amerikanske havarikommisjonen deltar ettersom det var svært mange amerikanske passasjerar om bord.
Korvidt politiet eller havarikommisjonen vil etterforske ulukka som straffesak, er det ikkje tatt stilling til.
– Vi har brukt helga på redning, og all vår energi har gått til det, seier politimesteren i Møre og Romsdal politidistrikt, Ingar Olav Bøen, til avisa.
– Umiddelbart ser det ut som det rett og slett er motoren som har stoppa. Det treng ikkje vere menneskeleg svikt, og det vil vere ein del av vurderinga, om dette er ein teknisk svikt som ingen kan lastast for, seier Skovly.
Som alle nyare passasjerskip er også Viking Sky bygt etter (Safe return to port), som seier at passasjerskip må designast og byggjast slik at dei kan returnere til næraste hamn ved skader på til dømes framdriftssystemet ved vassinntrenging eller brann.
Då Viking Sky fekk problem på Hustadvika laurdag, varsla kapteinen at det var 'black out', og at alle fire motorane svikta samstundes. Seinare fekk mannskapet start på ein motor, og til slutt tre, slik at skipet til slutt kunne gå for eiga maskin til Molde.
Der startar i dag undersøkingane om kva som skjedde under det dramatiske nestenhavariet med 915 passasjerar og eit mannskap på 458 om bord i det 228 meter lange Fincantieri-bygde skipet frå 2017.
Amerikansk undersøking
Etter det opplyser skal både Politi, Sjøfartsdirektoratet og Havarikommisjonen om bord i Viking Sky i dag for å prøve å finne årsaka til nestenhavariet.I tillegg opplyser at også den amerikanske havarikommisjonen deltar ettersom det var svært mange amerikanske passasjerar om bord.
Korvidt politiet eller havarikommisjonen vil etterforske ulukka som straffesak, er det ikkje tatt stilling til.
– Vi har brukt helga på redning, og all vår energi har gått til det, seier politimesteren i Møre og Romsdal politidistrikt, Ingar Olav Bøen, til avisa.
- Treng ikkje vere menneskeleg svikt
Bergens Tidende skriv at dersom det vert opna straffesak vil det etter alt å døme vere med bakgrunn i– Umiddelbart ser det ut som det rett og slett er motoren som har stoppa. Det treng ikkje vere menneskeleg svikt, og det vil vere ein del av vurderinga, om dette er ein teknisk svikt som ingen kan lastast for, seier Skovly.
'Safe return to port'
lanserer fleire mulege årsaker til motorstansen. Ein teori er luft i kjølesystemet, ein annan er tette drivstoff-filtre, eller at det også kan skuldast elektrisk svikt eller feilproduksjon.Som alle nyare passasjerskip er også Viking Sky bygt etter (Safe return to port), som seier at passasjerskip må designast og byggjast slik at dei kan returnere til næraste hamn ved skader på til dømes framdriftssystemet ved vassinntrenging eller brann.
Publisert: 25.03.2019 08:30
Sist oppdatert: 10.02.2021 14:32