Vil fjerne flykoe paa Vigra
VIGRA: Flyplassen på Vigra får fleire flyoppstillingsplassar, men det er langt opp og fram til passasjerane får gå under tak til og frå flya.
Nytt

Vil fjerne flykø på Vigra

Stadig fleire private jetfly bidreg til at flyplassen på Vigra no får ein til to nye flyoppstillingsplassar.

24.02.2020
- Ja, det har vore ein kraftig auke i antal private jetfly. Spesielt gjeld det i sommarhalvåret, seier lufthamnsjef Tor Hånde.
Han opplyser at fleire av desse flya er så store at dei må parkerast på området for større fly.
- Her er det etter kvart trangt om plassen, slik at vi no byggjer ut ein ekstra flyoppstillingsplass, kanskje to.

Flykø

I dag har Ålesund lufthamn, Vigra sju oppstillingsplassar for større fly.
Hånde seier at av og til er det kø for å kome til.
- Ja, vi opplever at det må stå passasjerfly på taxebana og vente på å få parkert. Dette håper vi no å få ei løysing på.

Godt resultat

Ålesund lufthamn, Vigra, leverer gode plusstal til Avinor-konsernet, som ei av åtte lufthamner som går i pluss.
Lufthamna på Vigra fekk i 2019 eit driftsresultat etter avskrivingar på 26,2 millionar kroner. Det er 3,4 millionar betre enn resultatet i 2018.
Tor Hånde opplyser at avgiftsinntektene vart reduserte med over 600.000 kroner samanlikna med 2018, trass i at antal passasjerar auka. Årsaka til dette er at nivået på luftfartsavgiftene vart reduserte frå 2018 til 2019.
Dei kommersielle inntektene auka med 2,6 millionar kroner i 2019, og driftskostnadene vart reduserte med 1,4 millionar kroner.
Overskotet går inn i Avinor-konsernet.

Nytt ankomstbygg

Hånde seier at det neste store prosjektet er å utvide ankomstområdet.
- Målet er å byggje eit heilt nytt bygg litt lenger vest, men dette er ei stor investering som nok ligg nokre år fram i tid.
Han kan ikkje love at passasjerane kan gå under tak til og frå flya.
- Eg forstår at enkelte er frustrerte når ein må gå ute i vind og regn, men med dagens terminalløysing er det lite å gjere med dette.
- For å gå under tak, må vi nesten byggje ein heilt ny terminal, blant anna med avgang i andre etasje, og då snakkar vi svært store investeringar.
For å gå under tak, må vi nesten byggje ein heilt ny terminal

Publisert: 24.02.2020 09:17

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:53