Vil forlenge fristen
Tre dagar før kapitalutvidinga skal vere i mål ligg det landbaserte oppdrettselskapet bak skjema.
Per tysdag ligg det landbaserte oppdrettselskapet OFS ved Måløy 22 millionar kroner bak målet for emisjonen.
OFS vil hente inn minst 56,25 millionar kroner i ei kapitalutviding gjennom selskapet Dealflow, som har spesialisert seg på kapitalutvidingar der også småinvestorar kan vere med.
Så langt er det kome inn 34,5 millionar kroner. Dersom ikkje minstemålet blir nådd innan fristen som er sett kjem teikningsperioden til å bli utvida, seier styreleiar og medeigar Ronny Almenning til NETT NO.
- Vi kjem til å halde på til vi har minimumsbeløpet, seier han.
Skal utvide kapasiteten
Pengane frå kapitalutvidinga skal finansiere neste steg med utbygging, og auka produksjonskapasitet til selskapet.
OFS sitt landbaserte anlegg ligg mellom Måløy og Raudeberg i tidlegare Vågsøy kommune.
Selskapet har gjennomført si første slakting og satsar på å vere i gang med kommersiell aktivitet neste år.
OFS har ein konsesjon på å produsere 15.000 tonn i året.
Førehandsteikning
Då det landbaserte oppdrettsselskapet OFS ved Måløy opna for kapitalutviding torsdag, hadde selskapet allereie sikra at 33,3 millionar kroner var på plass.
25,2 millionar kroner av kapitalutvidinga skriv seg frå at gjeld er gjort om til aksjar, 8,1 millionar kroner er frå førehandtseikning som har skjedd før kapitalutvidinga vart opna for alle.
Selskapet er verdsett til 437,5 millionar kroner, før kapitalutvidinga.
Målet er å hente inn minst 56,3 millionar kroner. Taket for kor mykje selskapet vil ha inn, er sett til 64.999.980 kroner. Blir kapitalutvidinga fullteikna vil den nye kapitalen utgjere ein eigarandel på 17,34 prosent i OFS.
Publisert: 19.12.2023 11:30
Sist oppdatert: 19.12.2023 18:43