NPK-NTB: – Eg meiner at ei forlenging av lova i éin månad er nødvendig. - Vi har sett at lova så langt har vore svært nyttig i arbeidet med å tilpasse samfunnet den nye situasjonen, til beste for enkeltpersonar og næringsliv, seier justis- og beredskapsminister Monica Mæland (H) i ei pressemelding.
Unntakslova skal i utgangspunktet gjelde fram til 27. april.
– Vi ser ikkje føre oss at det vil vere nødvendig med fleire forlengingar av lova enn denne, seier Mæland.
I tida framover skal regjeringa finne eit alternativt rettsgrunnlag for forskriftene som skal vare lenger enn til 27. mai, mellom anna ved å fremje proposisjonar til Stortinget.
Ifølgje lova kan eit mindretal på berre ein tredel av stortingsrepresentantane setje ned foten for regjeringsforslaget.
Eit samla Storting stilte seg bak lova då ho vart vedteken, men før påske gjorde Senterpartiets parlamentariske leiar Marit Arnstad det klart at partiet ikkje ønskjer ei forlenging.
Regjeringa har hatt forlenginga av koronalova ute på høyring og bede om innspel på om ho bør forlengjast med éin månad. Høyringsfristen gjekk ut 8. april, og svara tydde på at det ikkje var nokon kraftig motstand mot å forlengje levetida i fullmaktslova.
Unntakslova skal i utgangspunktet gjelde fram til 27. april.
– Særs varsamt
Mæland seier at dei vil bruke lova særs varsamt, og at behovet for å fremje forskrifter med heimel i lova har vorte mindre. Derfor tek regjeringa sikte på å avvikle henne i slutten av mai.– Vi ser ikkje føre oss at det vil vere nødvendig med fleire forlengingar av lova enn denne, seier Mæland.
I tida framover skal regjeringa finne eit alternativt rettsgrunnlag for forskriftene som skal vare lenger enn til 27. mai, mellom anna ved å fremje proposisjonar til Stortinget.
Utvida fullmakter
Den såkalla koronalova tredde i kraft 27. mars. Ho gir regjeringa utvida fullmakter under viruskrisa. Så langt er fleire titals mellombelse forskrifter er alt innførte med heimel i lova, medan nokre få er stansa av dei folkevalde.Ifølgje lova kan eit mindretal på berre ein tredel av stortingsrepresentantane setje ned foten for regjeringsforslaget.
Eit samla Storting stilte seg bak lova då ho vart vedteken, men før påske gjorde Senterpartiets parlamentariske leiar Marit Arnstad det klart at partiet ikkje ønskjer ei forlenging.
Regjeringa har hatt forlenginga av koronalova ute på høyring og bede om innspel på om ho bør forlengjast med éin månad. Høyringsfristen gjekk ut 8. april, og svara tydde på at det ikkje var nokon kraftig motstand mot å forlengje levetida i fullmaktslova.
Publisert: 17.04.2020 18:03
Sist oppdatert: 10.02.2021 14:56