Vil fryse makrellen enkeltvis
NYVINNING: Salssjef Petter Kåre Grytten i MMC First Proccess.
Nytt

Vil fryse makrellen enkeltvis

MMC har laga nytt system for singelfrysing av makrell i lake, noko som skal hindre at makrellen vert deformert før filetering.

30.08.2018
Havyard-selskapet MMC First Process har utvikla eit system som ifølgje selskapet vil gjere det lettare å filetere makrellen, og det med lavare energiforbruk enn i dag.
- Samanlikna med tunnelfrysing av tjuekilos pakkar er energiforbruket halvert ved lakefrysing.
- Det trengst også færre folk fordi makrellen som er lakefryst ikke blir deformert, seier salssjef Petter Kåre Grytten i MMC First Process, i ei pressemelding.

Hindrar deformering

MMC First Process viser til at fisket av makrell foregår i ein kort haustsesong samtidig som den pelagiske industrien ønsker å bruke makrell som råstoff gjennom større deler av året. Dette krev at makrellen må kunne frysast og tinast for vidare prosessering.
Skal kvaliteten bli best muleg til tining og filetering, må makrellen frysast raskt og effektivt.
- Skal du filetere effektivt, må du ha makrell som ikke er bøygd eller deformert. Testane har vist at den lakefryste makrellen får toppskår på form medan rundt halvparten av den tradisjonelt tunnelfryste makrellen skårar lavare, seier Grytten.

Samarbeidsprosjekt

Systemet for lakefrysing er utvikla i et samarbeid med Pelagia, Ukap og Møreforsking. Prosjektet er støtta av Fiskeri- og havbruksnæringens forskningsfond (FHF) som med sitt «Pelagisk løft» arbeider for å auke bearbeidingsgraden og verdiskapinga innan pelagisk næring.
- Dette er eitt av flere forskings- og utviklingsprosjekt vi har i samarbeid med FHF og næringa, og vi ser også her klart nytten av samspelet mellom brukarar, forskarar og oss som utviklarar, seier Grytten i pressemeldinga.
Han opplyser at systemet har vist seg å fungere svært tilfredsstillande både i testar i eigne lokale og testar ute i fiskeindustrianlegg.

Publisert: 30.08.2018 09:34

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:25