Håkon Lykkebø Strand frp og Lene Trude Solheim næringsforeningen foto Ogne
GODT MOTTATT: Dagleg leiar i Næringsforeningen Ålesundregionen Lene Trude Solheim likar ideen til påtroppande ordførar Håkon Lykkebø Strand (Frp) om korleis saksbehandlingstida for plan- og byggesøknadar skal kortast ned. Foto: Ogne Øyehaug
Nytt

Vil få fart på plan- og byggesøknadar

Påtroppande Ålesund-ordførar vil greie ut om kommunen skal leige inn ekstra hjelp for å få opp tempoet.

29.09.2023

Å få ned tida det tek å handsame plan- og byggesøknadar er noko av det første fleirtalet i det nye kommunestyret vil ta fatt i, ifølgje påtroppande ordførar Håkon Lykkebø Strand (Frp).

Frp, Høgre og Ålesundlista, som etter valsigeren i haust tek over fleirtalet i Ålesund kommune frå årsskiftet, vil greie ut om kommunen skal leige inn hjelp til raskt å få ned tida sakshandssaminga tek.

Samstundes skal også kommunen sin eigen kapasitet aukast. Lykkebø Strand vil også ha vurdert om arbeidet med plan- og byggesøknadar blir delt i to, der det er kø for søknadar frå private, og ei for større profesjonelle utbyggarar.

Næringsforeningen: - God ide
Dagleg leiar Lene Trude Solheim i Næringsforeningen Ålesundregionen meiner å leige inn ekstra hjelp er ein god ide.

– Eg trur det fort kan bli veldig mykje dyrare å ikkje gjere det, seier ho.

Då siktar ho til at planlagte investeringar i Ålesund kan bli lagt andre stadar om naudsynte plan- og byggesøknadar tek for langt tid å få svar på.

At sakshandsaminga i plan- byggeprosessar tek lang tid har vore eit tema hos medlemane i fleire år, og det har ikkje blitt betre, seier Solheim.

Ja-kommune
Lykkebø Strand og Solheim møttes på eit medlemsmøte hos Global Technology Aquaculture Hub (Gath) torsdag, der Lykkebø Strand var ein av innleiarane.

Ålesund skal vere ein ja-kommune og døra inn til ordførarkontoret skal alltid vere open, sa Lykkebø Strand.

Publisert: 29.09.2023 08:52

Sist oppdatert: 29.09.2023 08:59

Mer om