- Det var ikkje slik eg hadde tenkt det, men heldigvis har siste to vekene tatt seg kraftig opp med aktivitet.
Det seier Helge Kvam Karbø, som i fjor starta selskapet Fjord Nature.
Sunnylvingen har base på Hellesylt, men tilbyr turar og opplevingar i heile Hjørundfjorden, Norangsfjorden og endå vidare.
- Eg ønsker spesielt å løfte fram skjulte perler, seier 24-åringen.
I tillegg til toppturar og andre turar til fots, satsar han stort på kajakk, både med kurs for nybyrjarar, og kurs i havpadling.
- Vi driv også med elvepadling, seier han.
Han har også gått til innkjøp av kanoar som kan blåsast opp.
- Dei er så lette at ein kan ein ta med over alt, i tillegg til at dei er trygge å bruke.
- Dette skal vere unike opplevingar der ein kjem tett på naturen, men også aktivitetar som gir noko tilbake til dei som bur her.
No ser han etter endå ein tilsett.
- Ja, planen er å utvide gradvis. Resten av året ser bra ut.
Det seier Helge Kvam Karbø, som i fjor starta selskapet Fjord Nature.
Sunnylvingen har base på Hellesylt, men tilbyr turar og opplevingar i heile Hjørundfjorden, Norangsfjorden og endå vidare.
- Eg ønsker spesielt å løfte fram skjulte perler, seier 24-åringen.
Friluftsliv og naturguiding
Han er utdanna innan friluftsliv og naturguide ved Høgskulen i Volda, og har før det også tatt friluftsliv og ekstremsport ved Folkehøgskulen på Voss.I tillegg til toppturar og andre turar til fots, satsar han stort på kajakk, både med kurs for nybyrjarar, og kurs i havpadling.
- Vi driv også med elvepadling, seier han.
Han har også gått til innkjøp av kanoar som kan blåsast opp.
- Dei er så lette at ein kan ein ta med over alt, i tillegg til at dei er trygge å bruke.
- Unike opplevingar
Kvam Karbø er opptatt av å auke turismen til Hjørundfjorden, men ikkje for einkvar pris.- Dette skal vere unike opplevingar der ein kjem tett på naturen, men også aktivitetar som gir noko tilbake til dei som bur her.
No ser han etter endå ein tilsett.
- Ja, planen er å utvide gradvis. Resten av året ser bra ut.
Eg ønsker spesielt å løfte fram skjulte perler
Publisert: 18.06.2020 09:30
Sist oppdatert: 10.02.2021 14:58