Vil gjere meir for maritim naering og reiseliv
STRANDA-ORDFØRAR: Jan Ove Tryggestad (Sp).
Nytt

Vil gjere meir for maritim næring og reiseliv

Fylkestinget samla seg om krisepakke for næringslivet, men Stranda-ordføraren påpeika at to viktige næringar får liten hjelp. Se liste over tiltaka. 

Marius Rosbach
21.04.2020
Fylkestinget i Møre og Romsdal klarte i hovudsak å samle seg om ei krisepakke til næringslivet tysdag. Innleiingsvis tok Stranda-ordførar Jan Ove Tryggestad (Sp) ordet og minna om at krisehjelpa i liten grad kjem reiseliv og maritim næring til gode.
– Desse to næringane er på mange måtar grunnsteinane i lokal og regional verdiskaping i Møre og Romsdal. Denne pakka som vi no presenterer, er på ingen måte eit reiskap for å sette fart i desse to næringane, sa Tryggestad under videomøte.
(ekstern lenke)

Vil ha meir press

Det ligg rett nok inne eit tiltak på ti millionar kroner til reiseliv, som skal nyttast til å marknadsføring mot marknadane som først vert opna etter koronakrisa.
Tryggestad oppmoda likevel om at det blei pressa meir på for «dei verkelege stor pakkane» - som kunne kome desse næringane til gode. Pål Farstad (V) minna også om at fylket har ein stor sjømatsektor som ikkje måtte bli gløymt.
Mellom anna NHO, LO og Maritimt forum som treffer den maritime næringa – eit krav som også blei frå ein rekke verft i helga.

Auka til 190 millionar kroner

Bakgrunnen for pakka er eit , som er auka frå 175 til 190 millionar kroner av politikarane. Dei største pottane går til samferdsel og skulebygg og partia var i hovudsak samde om korleis midlane skulle fordelast.
Krisepakka skal bidra til auka aktivitet for å dempe dei negative konsekvensane av koronakrisa.

Les også:




Frp ville legge på 30 millionar ekstra for å vidareføre kuttet i ferjetakstane ut året. Her fekk dei kun støtte frå Nordmørslista og Sunnmørslista.

Rauk uklare om olje- og gassnæringa

Frank Sve (Frp) tok også til orde for å ha med eit punkt om viktigheita av olje- og gassnæringa i fylket, med ei understreking av at næringa må få halde fram med å leite i nye område.
– Det er olje og gassnæringa som gir oss moglegheita til å gjere det vi gjer no, understreka han.
Ap, Sp, Sv, MGD, V og Rødt stemte mot dette. Ap og Sp påpeika at dei ikkje ville vere med på den eine av formuleringane i forslaget, fordi dei meinte det kunne tolkast som at dei opna for oljeleiting på Mørebankane. Frp ville på sin side ikkje vere med på eit eige punkt om at det skulle satsast på solenergi som alternativ energikjelde ved fylkeskommunale bygg.

Les også:



(ekstern lenke)
Desse to næringane er på mange måtar grunnsteinane i lokal og regional verdiskaping i Møre og Romsdal

Publisert: 21.04.2020 16:02

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:56