Vard roar gjerde prosjektleiar kystvaktskip foto marius rosbach 11
PROSJEKTLEIAR: Roar Gjerde i Vard er prosjektleiar for eitt av dei største oppdraga verftskonsernet har jobba med. Foto: Marius Rosbach
Nytt

Vil ha 400-500 i arbeid dei neste åra

Roar Gjerde leiar arbeidet med kjempekontrakten, som gir arbeid i lang tid framover ved Vard-verft.

Marius Rosbach
06.09.2021

Måndag fekk pressa sjå skroget til kystvaktskipet som i helga kom til Vard Langsten. Verftsarbeidarane skal no utruste, og til sist teste kystvaktskipet som vil få namnet «Jan Mayen».

Det første skipet blir etter planen levert neste haust. Deretter skal «Bjørnøya» leverast i 2023, og «Hopen» i 2024.

(saka held fram under)

Kystvakt vard langsten september 2021 foto marius
VARD LANGSTEN: Skroget av kystvaktskipet kom til Vard Langsten i Tomrefjord i helga. Pressa fekk ikkje kome om bord i sjølve skipet. Foto: Marius Rosbach

400-500 i arbeid på skroget
Arbeidarane ved verftet i Tomrefjord sett i gong arbeidet med kjempeoppdraget med ein gong.

– Vi vil ha mellom 400 og 500 arbeidarar på dette prosjektet fram til det nærmar seg leveringsfase. Det vil vere tilsvarande for dei to neste skipa, opplyser prosjektleiar Roar Gjerde i Vard.

Det inkluderer folk frå fleire Vard-selskap, i tillegg til underleverandørar.

– Det vil vere fullt køyr her i tida framover, legg Gjerde til.

– Kjenner på ansvaret
Gjerde har ansvaret for at alt går etter planen med kjempeoppdraget som vil prege verftet i Tomrefjorden i meir enn to år framover.

– Det er klart at kjenner på ansvaret når det er ei stor kontrakt som går over lang tid. Det er mange ting å passe på, men vi har sett saman prosjektorganisasjonen vår slik at vi skal handtere dette på ein god måte, fortel han til NETT NO.

Prosjektleiaren fortel at dei følgjer tidsskjemaet mot planlagt leveringstid.

(saka held fram under)

Kystvakt skrog langsten foto marius 22
KLARGJERING: Verftsarbeidarane skal i første omgang gjere klart og sikre fartøyet, slik at arbeidet med utrustinga kan ta til. Foto: Marius Rosbach

Har arbeid - men vil ha meir
Vard-verfta også i Søviknes og Brattvåg har no godt med arbeid framover med eit cruiseskip til Viking Cruises og to trålarar inne til arbeid.

kommunikasjonssjef Hege Anita Akelvoll i Vard fortel at dei likevel jaktar meir arbeid for å fylle opp kapasiteten.

– Langsten kan til eksempel køyre fleire parallelle posjekt ved siden av kystvaktskipa, seier ho.

Milliardverdiar
Skroget som er slept til Langsten-verftet frå Romania dei siste vekene, er 136,4 meter langt og 21,4 meter breitt. I Romania har dei starta bygginga av dei neste skroga, og det neste kjem ved komande årsskiftet.

Verdien på oppdraget for Vard, var på 5,4 milliardar kroner då avtalen blei kjent. I tillegg til italienskeide Vard, deltok Westcon og Kleven i finalerunden om oppdraget.

Teknisk Ukeblad har tidlegare omtala korleis skipa mellom anna blir utstyrt med ein aktiv, skrogmontert sonar frå Kongsberg Maritime, laga hovudsakleg for krigføring mot ubåtar.

Publisert: 06.09.2021 11:33

Sist oppdatert: 21.09.2021 23:58

Mer om